Jordbruk


27.05.2020

Nye krav til avstand frå vatn ved bruk av plantevernmiddel

Det blir innført differensierte avstandskrav til overflatevatn ved bruk av plantevernmiddel. Dette kan gje ei betre utnytting av jordbruksareal, utan at risikoen for vassforureining aukar.

19.05.2020

Uvisst korleis fruktåret blir

Våren har vore kald og i førre veke snødde det einskilde stader i Rogaland, men utsiktene framover er gode i følgje meteorologane. Det varme veret kjem no og først då vil vi sjå korleis frukthausten vert.

03.02.2020

Oppfølging av ulovleg nydyrking

Kommunen godkjenner nydyrking og kontrollerer at forskrift om nydyrking blir følgt opp. Av og til møter landbruksforvaltninga på tilfelle av ulovleg nydyrking. Her er eit forslag til korleis kommunen kan følgje opp slike saker.

11.12.2019

Velkomen til Landbrukskonferansen 2020

Olaug Bollestad kjem, gjer du? Olaug får godt selskap av administrerende direktør i Innovasjon Norge Håkon Haugli, generalsekretær i Norges Bondelag Sigrid Hjørnegård og fleire andre gode folk. 240 deltakarar var med på landbrukskonferansen 2019, så her blir det høve til å treffe både kjende og ukjende. Velkomen!

20.11.2019

Kurs i heilskapleg drifts- og gardsstyring 16.-18.januar

Gjennom to samlingar á tre dagar vil deltakarane lære å bruke driftsplanverktøyet Holistic Management for regenerativt landbruk og heilskapleg drifts-, økonomi- og  beiteplanlegging. Velkommen til kurs på Jæren januar og mars 2020.

30.10.2019

Gå ikkje glipp av Agrovisjon 2019

1.-3. november er det tid for Agrovisjon 2019. Her blir det utstillingar med landbruksmaskinar og reiskap, konferansar og ikkje minst tid til å møte andre i næringa.   

04.10.2019

Norske tomater har lågere klimaavtrykk enn importerte tomater

Trur du det er lite miljøvenleg å produsera tomatar i veksthus i Noreg? Det er faktisk heilt feil!

10.07.2019

Godkjenning av spreieareal på innmarksbeite

Kommunane kan etter søknad godkjenne spreieareal for husdyrgjødsel på innmarksbeite. Fylkesmannen skal i eitt år framover ha kopi av alle slike vedtak.

04.07.2019

Offentleg erstatning dekker berre delar av tapet etter skadegjerarar i plantekulturar

Dersom Mattilsynet gjer pålegg om å destruera planter etter funn av ein alvorleg skadegjerar, kan den offentlege erstatningsordninga dekka delar av det økonomiske tapet. Men den offentlege erstatningsordninga dekker ikkje det tapet ei privat forsikringsordning kunne dekt.

27.06.2019

Status for handtering av landbruksplast i 2019

Landbruksplast står i dag utanfor bransjeavtalane for plastemballasje. Difor er det ikkje noko støtteordning for innsamling av landbruksplast.