Målform

Statsetatar med Rogaland fylke som ansvarsområde, skal bruka nynorsk som tenestemål. Dette gjeld mellom anna for nettstaden til Fylkesmannen i Rogaland. 

Med tenestemål meiner ein den målforma ein nyttar til dømes i fellesskriv til kommunane eller i anna informasjonsmateriell.

Dei fleste kommunane med målvedtak krev nynorsk

Bakgrunnen for dette er reglane i mållova, som slår fast at dersom fleirtalet av kommunane i eit fylke har fatta eige målvedtak (ikkje er nøytrale), så skal statlege regionale etatar bruka den målforma fleirtalet av kommunane med målvedtak ber om. I Rogaland har 14 av 26 kommunar fatta eige målvedtak. 11 av desse 14 krev nynorsk i skriv frå regionale statsetatar.

Adminitrativ målform i kommunane

Det er viktig å vera merksam på at kommunen står fritt til å velja administrativ målform, sjølv etter eit vedtak etter mållova. Eit målvedtak etter mållova seier berre kva målform dei statlege etatane skal nytta i kommunikasjonen med kommunen. 

Døme

  • Tysvær kommune har gjort målvedtak etter mållova og valde nynorsk.
  • Brev frå oss, og andre statlege etatar, skal derfor skrivast på nynorsk.
  • Kommunen avgjer sjølv kva målform ein bruker i saksbehandling og innbyggardialog. 

Oversikt over målformer i kommunane i Rogaland