Avdelingar

Fylkesmannen i Rogaland er organisert i fem fagavdelingar.

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga bidrar gjennom råd, rettleiing og opplysning til å sikra at helse-, sosial- og barnevernstenesta i fylket held høg kvalitet og dekker folks behov. Avdelinga gir råd til nasjonale, regionale og lokale myndigheiter, til tilsette i desse tenestene og til innbyggarar i fylket. Avdelinga fører tilsyn med helsepersonell og helse-, sosial- og barnevernstenestene. Avdelinga behandlar også klager knytt til pasientrettar og klager etter helse-, sosial- og barnevernlova. I tillegg behandlar avdelinga søknader om dispensasjon og tilbakelevering av førarkort der helsekrava for å ha førarkort ikkje er oppfylte. 

Avdelinga har særleg ansvar for oppgåver etter barnevernlova og fører tilsyn med barneverninstitusjonar. Også økonomisk rettleiing og ulike oppdrag som omhandlar barnefattigdom og bustadslause inngår i avdelinga sitt arbeidsfelt.

Avdelinga fører også tilsyn med hygienske og helsemessige forhold i petroleumsverksemda - og har oppgåver i samband med offshore helseerklæringar.

Janne Dahle-Melhus er fylkeslege/avdelingsdirektør. 

Landbruksavdelinga

Landbruksavdelinga skal medverka til gjennomføring av nasjonal landbruks- og matpolitikk på ein regionaltilpassa måte. Målet er å føra vidare eit levande, mangfaldig og berekraftig landbruk. Oppgåvene femner om både saksbehandling og utviklings- og strategiarbeid innan jordbruk, skogbruk og bygdeutvikling. Avdelinga driv både forvalting, rettleiing og kontroll.

Avdelinga forvaltar økonomiske og juridiske verkemiddel. Miljø- og arealforvaltning (jordvern) og inntekts- og velferdspolitiske tiltak er andre viktige oppgåver, saman med tilbakemelding til sentrale styresmakter på verknadene av landbruks- og matpolitikken.

Landbruksavdelinga er eit kompetansesenter for kommunane for å halda kvalitet og måloppnåing i landbruksforvaltninga på eit høgt nivå. Avdelinga har ansvar for å identifisera utfordringar, setta i gang og gjennomføra tiltak i samarbeid med ulike aktørar regionalt og lokalt.

Geir Skadberg er landbruksdirektør.

Miljøvernavdelinga

Miljøvernavdelinga forvaltar og rettleiar om miljøspørsmål på vegne av staten. Avdelinga driv også tilsyn. Vi skal bidra til at regjeringa sin miljø- og arealpolitikk blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Vi skal arbeida for ei berekraftig utvikling, hindra alvorleg forureining og bidra til ei god arealforvalting i Rogaland. Vi skal vera ein pådrivar for å ivareta naturmangfaldet og sikre vern av trua artar og naturtypar. Miljødirektoratet er den viktigaste oppdragsgjevaren vår.

May Britt Jensen er fylkesmiljøvernsjef.

Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga

Avdelinga arbeider med oppgåver knytt til kommuneøkonomi, samfunnstryggleik og beredskap, verjemål, klager etter kommunelova, plan- og bygningslova og namnelova, søknader om fri rettshjelp og separasjons- og skilsmissebevillingar, saker etter barnelova og førespurnader i samband med adopsjon, m.m.

Avdelinga skal ivareta oppgåver knytt til mange lover og forskrifter og har derfor forvaltingsoppgåver frå fleire departement og direktorat.

Avdelinga arbeider med individretta saksbehandling og kommuneretta verksemd, både som førsteinstans og som klageinstans. Ein stor del av avdelinga sitt arbeid er elles tilsyn, råd og rettleiing.

Lone M. Solheim er avdelingsdirektør

Utdanningsavdelinga

Utdanningsavdelinga skal medverka til at nasjonale mål for barnehage- og utdanningspolitikken blir følgde opp regionalt og lokalt.

Embetet skal mellom anna utføra:

  • tilsyns- og kontrolloppgåver
  • gi generell informasjon og rettleiing
  • sikre rettar gjennom behandling av klager og andre enkeltsaker
  • medverka til kvalitets- og kompetanseutviklingsarbeid
  • forvalta statlege tilskott

Marianne Skogerbø er utdanningsdirektør.

Fylkesmannsembetet i Rogaland er leia av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa. Med seg i embetsleiinga har ho assisterande fylkesmann Harald Thune. John Gunnar Skien er kommunikasjonssjef. 

Embetet er organisert i fem avdelingar:

▪ Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga

▪ Landbruksavdelinga

▪ Miljøvernavdelinga

▪ Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga

▪ Utdanningsavdelinga

Embetet har om lag 180 tilsette.