Oppgåver og ansvar

Fylkesmannsembeta er regionale, statlege forvaltningsorgan som skal gjennomføra nasjonal politikk vedteke av Stortinget. Embeta er eit viktig bindeledd mellom den sentrale statsforvaltninga og kommunane.

Eit særtrekk ved embeta er at dei gjer fagoppgåver for fleire departement og direktorat, samtidig som me har ansvar for samordning av statleg aktivitet i fylket.

Ansvaret for Fylkesmannen si verksemd er derfor delt mellom fleire statsrådar, men det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har det administrative ansvaret.

Sektorrolla

Det er det enkelte departement, direktorat eller tilsyn som legg faglege oppgåver til Fylkesmannen og har fagleg instruksjonsmynde over embeta. Desse oppgåvene kjem til uttrykk gjennom lover, retningsliner, embetsoppdrag og politiske vedtak og signal.

Fylkesmannen har i dag sektormynde innafor helse- og omsorgtenester, sosialtenester, barnevern, barnehagar, utdanning, landbruk, miljøvern, samfunnsikkerheit og beredskap.

Som sektormynde skal Fylkesmannen ved tilsyn, rettleiing og dialog med kommunane og fylkeskommunen, medverka til å setta i verk nasjonal politikk.

Samordning

Fylkesmannen skal, etter fylkesmannsinstruksen medverka til å samordna, forenkla og effektivisera den statlege verksemda i fylket. Dette gjeld for oppgåver som både ligg i og utanfor embetet.

Rettstryggleik

Rolla som ivaretakar av rettstryggleik for enkeltmenneske er heilt sentralt i oppgåvene til Fylkesmannen. Klagebehandling, tilsyn og rettleiing er viktige verkemiddel knytt til dette.

Knutepunkt for informasjon mellom sentral stat og kommunane

Fylkesmannen har ei viktig rolle i som rettleiar overfor kommunane og er eit informasjonsknutepunkt mellom sentral stat og kommunane. Men kommunikasjonen skal gå begge vegar. Me skal melda tilbake til sentrale styresmakter om korleis statleg politikk verkar regionalt og lokalt.

Gjennom oppfølging, rettleiing, kompetanseheving og god dialog skal Fylkesmannen bidra til at kommunane har god nok kompetanse og kvalitet til å gjennomføra nasjonal politikk.

Oppgåvene i kortform

Landbruksavdelinga

  • Kompetansesenter
  • Legg til rette for, og stimulera til, næringsutvikling
  • Langsiktig arealforvaltning – kommunal og regional planlegging
  • Fordela tilskotsmidlar
  • Kontroll/tilsyn

Miljøvernavdelinga

  • Industri, miljøgifter, forureining, avfall, støy (pålegg, løyve og tilsyn)
  • Naturvern, vassdrag, biologisk mangfald
  • Friluftsliv, jakt og fiske (forvalte, løyve, tilskott)
  • Areal jf. plan- og bygningslova (uttale og motsegn)

Utdanningsavdelinga

  • Tilsyn, lovlegkontroll og klagebehandling
  • Følga opp nasjonalt kvalitetsvurderingssystem
  • Medverka til kvalitets- og kompetanseutvikling i barnehage og skule
  • Stimulera til tverrfagleg samarbeid
  • Forvalta tilskott

Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga

  • Klagesaker bygg m.m. (settefylkesmann)
  • Kommuneøkonomi
  • Lovlegkontroll
  • Familierett (separasjon/skilsmisse)
  • Fri rettshjelp
  • Verjemål
  • Samfunnstryggleik og beredskap

Helse- og sosial- og barnevernsavdelinga

  • Klageinstans i enkeltsaker
  • Hendingsbasert tilsyn med helse- og sosialtenesta
  • Planlagde tilsyn med helse-, sosial- og barnevernstenesta
  • Iverksetting av statleg politikk og satsingar innan helse- og sosialområda

Fylkesmannen som planmynde

  • Formidla nasjonal politikk
  • Aktiv aktør i regionalt planarbeid
  • Samordning – erfaringsutveksling
  • Gje uttale til kommunale planar.
  • Konfliktløysing: meklarrolle
  • Behandla klagesaker

For meir informasjon, sjå under dei ulike fagtemaa på nettsida. Bruk gjerne søkefunksjonen.