Jordbruk


17.06.2016

Avlingsskadeerstatning krev at skaden blir meldt frå tidleg

Vekstsesongen i Rogaland har starta godt for alle vekstar. Så langt er det lite som tyder på avlingsskader. Vi vil likevel minne om vilkåra for erstatningsordninga for klimabetinga skader. For å få erstatning er det eit absolutt krav om at du må gje melding til kommunen straks du blir klar over at ein klimabetinga skade har skjedd, eller vil oppstå.

14.06.2016

Fagdag om plansiloar

Måndag 20. juni blir det fagdag om plansiloar på Jæren. Silosaft på avvegar vil raskt føre til problem i vassdraga. Målet med dagen er å sjå på gode løysningar for handtering av pressaft, regnvatn og logistikk rundt anlegga.

22.02.2016

Nye Jæren kommune kan bli Noregs største jordbrukskommune

Jordbrukskommunane Klepp, Time og Hå er i god dialog om å danne nye Jæren kommune. 21. januar blei det signert intensjonsavtale som skal vere grunnlag for folkeavrøysting i april. Dersom folket seier ja vil vi få Noregs desidert største jordbrukskommune.

08.02.2016

Plantesjukdom påvist i tormatproduksjon i Rogaland

Det er påvist Tomato chloritic dwarf viroid (TCDVd) i eit tomatgartneri i Rogaland. Mattilsynet har gitt pålegg om ulike tiltak for i hindre spreiing av viroiden. Mellom anna må alle plantene i veksthuset destruerast. Det er ikkje farleg å ete tomatar frå desse plantane.

26.01.2016

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale møtte landbruksungdommen

Statsråd Jon Georg Dale vitja Jæren måndag 25.januar.

21.12.2015

Nye hjelpemiddel for vedlikehald av arealkartet AR5

NIBIO har laga eit nytt datasett som skal gjere det enklare å registrere endringar i arealressurskartet AR5.

07.12.2015

Naturskadeerstatning ved flaum

I samband med uveret Synne vil spørsmål om naturskadeerstatning kunne melde seg. Her følgjer litt informasjon.

23.10.2015

Revidert KSL-standard for 2015

Det er innført nye krav til smittevern, føring av plantevernjournal og til lagring av mineralgjødsel i den reviderte standarden for kvalitetssystem i landbruket (KSL).

19.10.2015

Dekk og Diesel kostar!

Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) har utført ein analyse av køyrekostnadar i mjølkeproduksjon som viser kor mykje «Dekk og Diesellandbruket» kostar for bonden.

12.08.2015

Ku er godt for klima!

- er overskrifta når Sandnes kommune, Fylkesmannen, Sandnes bondelag og Oikos Rogaland inviterer til open konferanse onsdag 26. august kl 19:00 på Bøndenes hus i Sandnes.