Jordbruk

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 21.10.2014

Andelslandbruk - noko for deg?

Har du lyst å vite meir om andelslandbruk? Kom på ope møte torsdag 5. november i Aksdal!


Publisert 03.10.2014

Forslag til endring av forskrift om planter og tiltak mot planteskadegjerarar

Fylkesmannen er kritisk til at det skal opnast for import av jordbærplanter med tanke på plantehelse, men og fordi vi meiner det vil svekke arbeidet med å utvikle eigen produksjon av småplantar i Noreg.

 


Publisert 23.07.2014

Ny og enklare utrekning av erstatning ved avlingssvikt på grovfôr

Statens landbruksforvaltning har fastsett endringar i forskrift om erstatning og tilskot ved klimabetinga skader saman med utfyllande opplysningar i skriv av 30.06.2014. Den nye utrekningsmåten for erstatning ved avlingssvikt på grovfôr er monaleg forenkla og mindre arbeidskrevande og gjeld frå og med vektstsesongen 2014.


Publisert 27.06.2014

Tema-ark om plantevern i økologisk grønsaksproduksjon

Den norske produksjonen av økologiske grønsaker dekkjer ikkje auka etterspørselen. Mangelfull kunnskap om økologisk plantevern kan vere eit hinder for at fleire produserer økologisk.


Publisert 23.09.2013

Avlingssvikt - søknadsfrist 31. oktober

Før det blir søkt om erstatning, må det gis melding om avlingssvikt til kommunen utan ugrunna opphald slik at kommunen kan kontrollera skadeårsaka. Det blir ikkje gitt erstatning til føretak som ikkje har meldt om avlingssvikt. Søknaden skal sendast til kommunen innan 31.oktober.

 


Publisert 26.07.2013

Tilskott til drenering av jordbruksjord

Landbruks- og matdepartementet har no fastsett "forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord". Rogaland har for 2013 fått 5,1 millionar kr til dreneringstiltak. Denne potten er fordelt til kommunane etter innmeldte behov og etter dyrka jord med gras og grønsaker.

 


Publisert 03.07.2013

Ny frist for utkøyring av husdyrgjødsel

Fylkesmannen i Rogaland endrar siste frist for spreiing av husdyrgjødsel frå 1. august til 15. august. Dette gjeld areal der det kan søkjast tilskot til miljøvenleg bruk av husdyrgjødsel frå Regionalt miljøprogram i 2013.


Publisert 25.04.2013

Fylkesmannen krev tilbakeføring av ulovleg nydyrka areal ved Søylandsvatnet i Hå

Bonden som har dyrka mykje meir areal enn det som er tillate ved Søylandsvatnet, må no tilbakeføre det som er ulovleg dyrka og fjerne steingarden som er sett opp.


Publisert 22.03.2013

Frostveret gir store utfordringar for jordbruket

Det uvanleg langvarige, tørre og kalde veret gir fulle gjødsellager og dermed store utfordringar for jordbruket i Rogaland. Konsekvensar for overvintring av eng er det likevel for tidleg å konkludera på.


Publisert 20.03.2013

Spreiing av husdyrgjødsel våren 2013

Vent med spreiing av husdyrgjødsel til frosten og tela har gått.