Avlingssvikt - søknadsfrist 31. oktober

Før det blir søkt om erstatning, må det gis melding om avlingssvikt til kommunen utan ugrunna opphald slik at kommunen kan kontrollera skadeårsaka. Det blir ikkje gitt erstatning til føretak som ikkje har meldt om avlingssvikt. Søknaden skal sendast til kommunen innan 31.oktober.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.09.2013

Føremålet med ordninga om erstatning for avlingssvikt er å redusera økonomiske tap ved produksjonssvikt forårsaka av klimatiske forhold som det ikkje er mogleg å sikra seg mot. Avlingssvikt er definert som svikt i avlingsmengde i forhold til gjennomsnittsavling for vekstgruppa. Avlinga i skadeåret må vera mindre enn 70 % av gjennomsnittavlinga for at erstatning kan utløysast. Vekstgrupper er grovfôr, korn, potet, grønsaker, frukt og bær. Maksimumsgrense for utbetaling per vekstgruppe er kr 750.000. Berekna erstatning under kr 5.000 blir ikkje utbetalt.

Meld frå til kommunen
Du må ta kontakt med kommunen straks du ser at det er eller kan bli avlingssvikt. I regelverket står det at eit av vilkåra for å få erstatning er at ein utan ugrunna opphald har gitt melding til kommunen om at skade har oppstått, eller vil kunne oppstå. Dersom det ikkje er meldt frå til kommunen utan ugrunna opphald, blir søknaden avvist.

God agronomi
For å få erstatning må prinsippa for god agronomi vera følgt. Dette inneber m.a. at arealet er godt drenert, avlinga må haustast m.m. Det kan unntaksvis gis erstatning for uhausta areal. Forhold der dette kan vera aktuelt er: Ekstraordinære vanskelege hausteforhold, haustekostnaden overstiger verdien og produsenten ynskjer ikkje å hausta avlinga fordi den blir vurdert å vera for liten eller av dårleg kvalitet. Kommunen eller Fylkesmannen må, etter kontroll på bruket, stadfesta unntaket.

Det er mengdetap som kan erstattast. Kvalitetstap blir ikkje dekka, med unntak av spesielle skader i frukt- og bærproduksjonen.

Regelverk
Med omsyn til øvrige vilkår for å få erstatning viser vi til:

  • "Forskrift om erstatning og tilskudd ved klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon av 17.01.2012 nr 56" fastsett av Landbruks- og matdepartementet,
  • "Forskrift om satser for og berekning av erstatning og tilskudd ved klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon av 20.01.2012 nr 83" fastsett av Statens landbruksforvaltning (SLF) og
  • Rundskriv 20/12 frå SLF om "Erstatnings- og tilskuddsordninger ved klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon".

Meir informasjon om regelverket finn du på nettsidene til Statens landbruksforvaltning.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.