Ny og enklare utrekning av erstatning ved avlingssvikt på grovfôr

Statens landbruksforvaltning har fastsett endringar i forskrift om erstatning og tilskot ved klimabetinga skader saman med utfyllande opplysningar i skriv av 30.06.2014. Den nye utrekningsmåten for erstatning ved avlingssvikt på grovfôr er monaleg forenkla og mindre arbeidskrevande og gjeld frå og med vektstsesongen 2014.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.07.2014

Den størst endringa er at det for gjennomsnittsåra er fastsett normavlingar på kommunenivå. Under høyringa ga Fylkesmannen i Rogaland uttrykk for at forslaget om fire grupper var ei for grov inndeling, og føreslo difor ei ny gruppe fem for intensiv engdyrking på 700 FEm pr dekar. Etter dette har det kome med ei ny gruppe fem på intensiv engdyrking i forskrifta for fleire kommunar i Rogaland. Landbruksdirektoratet (frå 1.juli) vil i rundskriv gi føringar på kva faktorar som skal vurderast i dei tilfella føretakets avlingsnivå ikkje er i samsvar med normavling for kommunen.

Føremålet med ordninga om erstatning for avlingssvikt er å redusera økonomiske tap ved produksjonssvikt forårsaka av klimatiske forhold som det ikkje er mogleg å sikra seg mot. Ved fare for avlingssvikt må føretaket melda frå til kommunen så raskt som mogleg slik at kommunen kan kontrollera skadeårsak. Søknad om erstatning skal sendast til kommunen, og fristen er 31.oktober.

For meir informasjon om endringane viser vi til vedlagt forskrift og skriv.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.