I samband med at Stortinget har vedtatt at Forsand og Sandnes skal bli ein kommune, blir det kalla inn til felles kommunestyremøte.
23.06.2017
I samband med at Stortinget har vedtatt at Rennesøy, Finnøy og Stavanger skal bli ein kommune, blir det kalla inn til felles kommunestyremøte.
Fylkesmannen vurderer å ta kommunen sitt avvisingsvedtak i går opp til lovlegkontroll av eige tiltak. Bakgrunnen er at kommunestyret truleg hadde plikt til å ta den aktuelle saka opp til behandling.
07.06.2017
Det økonomiske opplegget for 2018, omstilling i Haugesund og kommunal bustadpolitikk var tema på Kommuneøkonomidagen i Stavanger 30. mai 2017.
01.06.2017
Fylkesmannen har så langt i år mottatt éin søknad knytt til justering av kommunegrensa i ein kommune som inngår i kommunereforma (Forsand). Saka er utsett, men ikkje lagt vekk.
30.03.2017
Det blei bestemt av Kongen i statsråd i føremiddag. Det blir fire samanslåingar frå 1. januar 2019. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa er glad for at det nå er avklart.
10.03.2017
Heile Ombo bør bli ein del av "Nye Stavanger", meiner Fylkesmannen i Rogaland. Dette kjem fram i tilleggsbrevet til den tidlegare tilrådinga vår. Me rår ikkje til grenseendringar i Jøsenfjorden.
16.12.2016
Det viser ei fersk brukarundersøking gjort blant ordførarar og rådmenn i fylket. Det er ein gjennomgåande tendens at kommunane er meir nøgde med samarbeidet med Fylkesmannen i Rogaland enn ved den førre undersøkinga i 2010.
08.12.2016
Fylkesmennene i vest har engasjert NIVI Analyse til å laga ein rapport om oppgåvefordelinga i offentleg sektor. Rapporten skildrar nokre grunnleggjande prinsipp for fylkesmannen sitt oppdrag. Tilgrensande oppgåver på regionalt statleg nivå blir føreslått overførde til fylkesmannen.
01.12.2016
HØYRINGSUTTALE REGIONREFORM: Fylkesmannen konkluderer med at det beste alternativet er at Rogaland held fram åleine som eigen region, eventuelt med utviding i samsvar med grensene for Sør-Vest politidistrikt.
24.11.2016
Kommune- og regionreforma har gjort det nødvendig for regjeringa å vurdera fylkesmannsstrukturen. I sommar blei den førebelse rapporten sendt på innspelsrunde. Fylkesmannen i Rogaland meiner at Rogaland framleis må ha eigen fylkesmann.
17.10.2016
Forsand bør danna ny kommune i lag med Strand og ikkje Sandnes, meiner Fylkesmannen i Rogaland. I den faglege tilrådinga vår foreslår me fleire endringar frå 1. januar 2020.
27.09.2016