Rapport: Éi dør til staten for kommunane

Fylkesmennene i vest har engasjert NIVI Analyse til å laga ein rapport om oppgåvefordelinga i offentleg sektor. Rapporten skildrar nokre grunnleggjande prinsipp for fylkesmannen sitt oppdrag. Tilgrensande oppgåver på regionalt statleg nivå blir føreslått overførde til fylkesmannen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.12.2016

Fylkesmennene er ein sjeldan forvaltningsblome i den statlege forvaltninga som elles er styrt og organisert etter sektorprinsipp. Hos fylkesmennene blir styringssignal frå elleve departement og sju direktorat samla. Som eit forvaltningsorgan på tvers av sektorane, og med ein tettare og meir heilskapleg kontakt med kommunane enn vanleg er for staten, har Fylkesmannen eit særleg ansvar for samordning.

Bakgrunn for rapporten

Kommunane er pålagte å gjennomføra statleg politikk på ei rekke område. Korleis det er organisert er høgst ulikt frå sektor til sektor.

Fleire pågåande reformprosessar der oppgåvefordeling og struktur er under vurdering går føre seg nå, både for fylkesmennene og andre statsetatar. Eit viktig siktemål med det pågåande reformarbeidet knyter seg til dialogen mellom staten og kommunane. Ei utbreidd oppfatning er at forvaltningsnivåa er hemma av ei fragmentert statleg forvaltning styrt etter sektorprinsipp.

Kva for prinsipp bør leggjast til grunn for overføring av oppgåver?

Fylkesmannen har ingen interesse av nye oppgåver om dei ikkje har forbetrings- eller effektivitetspotensiale. Oppgåvefordelinga må også følgja naturlege styringslinjer. Følgjande prinsipp har derfor vore styrande for arbeidet:

  1. Fylkesmannen er staten sitt sentrale bindeledd og knutepunkt mot kommunane. Statlege sektoroppgåver overfor kommunane bør derfor bli lagt til fylkesmannen (bindeleddsprinsipp).
  2. Statlege samordningsoppgåver mot kommuneforvaltninga bør leggjast til fylkesmannen (samordningsprinsipp)
  3. Statlege oppgåver retta mot kommunar og andre målgrupper i lokalsamfunna bør leggjast til fylkesmannen av omsyn til formålseffektivitet og kostnadseffektiv forvaltning (effektivitetsprinsipp). Følgjande tilleggsprinsipp bør leggjast til grunn når det gjeld korleis oppgåvene bør bli plasserte hos embeta:
  4. Oppgåver som blir lagt til fylkesmennene bør bli basert på eit heilskapleg oppgåveansvar (ansvarsprinsipp)
  5. Bruk av fylkesmannen sin organisasjon bør bli vurdert som alternativ ved etablering av nye statlege organ (gjenbruksprinsipp)
  6. Fylkesmennene sine regionale kompetansefortrinn bør utnyttast (spesialiseringsprinsipp)

Konkrete forslag til oppgåver som bør overførast

  1. Overføra IMDi sine regionkontor til fylkesmennene
  2. Delegering av rettleiings- og utviklingsoppgåver frå Utdanningsdirektoratet, også ansvaret for rettleiarkorpsa
  3. Samla tilskotsforvaltning på helse- og sosialfeltet hos fylkesmannen
  4. Oppfølging av mineralforvaltningsomsyn i kommunalt planarbeid
  5. Regionalt samordningsansvar for bustadsosialt arbeid til fylkesmannen
  6. Ei klarare samordningsrolle og samling av kompetanse og oppgåver i arbeidet med klimatilpassing
  7. Overføra førstelinjeoppgåver frå Landbruksdirektoratet til fylkesmennene
  8. Integrering av SNO sitt ytre apparat med fylkesmennene
  9. Konsesjonar til landbasert verksemd
  10. Tilsyn mot private rettssubjekt, jf. forslag om å leggja tilsyn med friskular og tilsyn med private asylmottak til Fylkesmannen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.