Kommunane er meir nøgde med Fylkesmannen i Rogaland

Det viser ei fersk brukarundersøking gjort blant ordførarar og rådmenn i fylket. Det er ein gjennomgåande tendens at kommunane er meir nøgde med samarbeidet med Fylkesmannen i Rogaland enn ved den førre undersøkinga i 2010.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.12.2016

Resultata den gongen var ikkje urovekkande, men Fylkesmannen i Rogaland kom jamt over dårlegare ut enn dei fleste andre embeta i landet. Særleg viste dette seg i plansaker knytt til plan- og bygningslova. Betre og tettare dialog med kommunane i planprosessane var det mest sentrale tiltaket for vår del etter 2010-undersøkinga.

Kommunane er den viktigaste samarbeidspartnaren

Kontaktpunkta er langt fleire mellom kommunane og Fylkesmannen i Rogaland enn denne undersøkinga reflekterer, men denne gongen var det viktig for oss å gjennomføra ein undersøking som i størst mogleg grad kan samanliknast med undersøkinga i 2010.

Fritt val av metode og utval

Då var det Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) som gjennomførte ei undersøking på vegner av alle fylkesmennene. I 2016 har det vore opp til kvart enkelt embete å velja metode og utval. Me landa på ei undersøking etter modell av 2010, med visse tillegg og avgrensingar.

God deltaking

Undersøkinga blei gjennomført frå midten av august fram til 15. september ved hjelp av nettverktøyet SurveyMonkey. 54 ordførarar og rådmenn blei inviterte til å delta (fylkesordførar og fylkesrådmann inkludert). 43 svarte, noko som gir ein svarprosent på 79,6 – langt betre enn i 2010.

Tilbakemeldingane frå rådmenn og ordførarar viser større tilfredsheit med dette samarbeidet enn ved førre undersøking.

  • I det siste spørsmålet (spørsmål 16) blir respondentane bedne om rangera kor fornøgde dei er alt i alt med samarbeidet med Fylkesmannen. På ein skala frå 1 til 100, der 100 er best, skårer me 74. Det må seiast å vera bra, men viser sjølvsagt eit forbetringspotensial.
  • Samarbeidet vårt med kommunane på planområdet er særleg viktig, men kommuneøkonomi og samfunnstryggleik kjem også høgt opp på lista nå.
  • Kommunane ønskjer at me er endå meir tilgjengelege på saksbehandlarnivå.
  • Me bør sjå om me klarer å få ned saksbehandlingstida. Der skårer me forholdsvis dårleg også i 2016 (resultatet er ikkje betre enn i 2010).
  • Kommunane synest me er fagleg sterke, kommuniserer klart og kjenner deira lokale forhold godt.
  • Kommunane synest at me kan bli betre koordinerte mellom fagavdelingane.
  • Fylkesmannen har blitt ein langt viktigare formidlar av statlege styringssignal til kommunane enn for seks år sidan.
  • Kommunane er fornøgde med kursa og seminara våre, men me kan nå ut endå betre på nett og elektroniske nettenester.
  • 86,5 prosent er heilt eller delvis einig i at råd og rettleiing frå Fylkesmannen er nyttig for kommunen.
  • 64,9 prosent er heilt eller delvis einig i at Fylkesmannen har løyst oppgåve si i samband med kommunereforma på ein god måte. 13,5 prosent er delvis ueinig.

Rapporten vår med resultat og kommentarar finn du som vedlegg i denne nettsaka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.