Fylkesmannen tilrår Rogaland

HØYRINGSUTTALE REGIONREFORM: Fylkesmannen konkluderer med at det beste alternativet er at Rogaland held fram åleine som eigen region, eventuelt med utviding i samsvar med grensene for Sør-Vest politidistrikt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.11.2016

Me står for tida midt oppe i omstrukturering av både kommunenivå, regionalt folkevalt nivå og det statlege nivået, nærare bestemt Fylkesmannen. Desse strukturelle endringane går parallelt og delvis uavhengig av kvarandre. Det er likevel nødvendig å sjå dei i samanheng.

Om lag 10 regionar

Regjeringa, med tilslutning frå fleirtalet på Stortinget, meiner me har for mange folkevalde regionar/fylkeskommunar i dag, og går inn for at dei blir reduserte til rundt 10.

Med utgangspunkt i dette, og på oppmoding frå regjeringa, har fylkeskommunane på Vestlandet gjennomført samtalar og forhandla fram ein intensjonsplan for ein mogleg stor Vestlandsregion, med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Fylkestinget i Rogaland har likevel vedtatt å senda på høyring til saman fem ulike alternativ til framtidig struktur og organisering av eit regionalt folkevalt nivå. Som bakgrunnsmateriale ligg også ei utgreiing frå oktober 2016, utarbeidd av dei tre fylkesrådmennene. Fylkestinget har ikkje rangert eller prioritert dei ulike alternativa. Fylkesrådmannen har likevel i si tilråding vurdert ein stor Vestlandsregion eller Rogaland åleine (eller noko utvida i samsvar med Sør-Vest politidistrikt) som dei mest realistiske alternativa.

Reelt sett er det vel berre Vestlandsregionen som er utgreidd og vurdert i det framlagde materialet. Korkje Agder/Rogaland-alternativet eller Rogaland/Hordaland har fått særleg plass. Det er derfor vanskeleg å ha noko klar meining om fortrinn eller ulemper med desse alternativa.

Vestlandet peikar seg ut

Dersom ein skal gå for større regionar, meiner Fylkesmannen likevel at ei Vestlands-løysing peikar seg klart ut, både ut frå identitet, kultur, felles utfordringar og næringsliv, behov for plansamarbeid og tyngde, kapasitet og kompetanse i utviklingsarbeid og utviklingsprosessar. Me kjem såleis ikkje til å kommentera Agder-modellen noko meir.

Rogaland og Hordaland saman kunne blitt ein både slagkraftig og dynamisk region. Fylkesmannen har likevel vanskar med å sjå kva meir og anna ein slik konstruksjon skulle oppnå, ut over det dei to fylkeskommunane maktar kvar for seg. Det einaste måtte vera enklare og meir samordna prosessar i planlegging og finansiering, spesielt når det gjeld større fylkesovergripande samferdsleprosjekt, og eventuelt ei meir effektiv og rasjonell drift. Konkurransen mellom to sterke byområde ville dessutan kunna komplisera utviklingarbeidet internt i ein slik region. Fylkesmannen meiner, som fylkesrådmannen, at valet står mellom ein stor vestlandsregion eller Rogaland åleine, eventuelt utvida som Sør-Vest politidistrikt.

Slik me tolkar intensjonsplanen og utgreiinga, er dei viktigaste føremåla med ein stor Vestlandsregion å stå sterkare i forhold til statlege styresmakter og å kunna ta på seg langt fleire oppgåver frå staten. Andre positive element er samordna planarbeid, spesielt samferdsleprosjekt, og stordriftsfordelar. Samanfallande grenser med fleire regionaliserte statlege etatar er også brukt som argument for ein stor Vestlandsregion. Dette er alle reelle argument for større regionar, men Fylkesmannen meiner likevel det er lagt for lite vekt på motargumenta. Det viktigaste er nærleik til kommunar og andre brukarar. Avstandane i ein stor Vestlandsregion blir store. Det er korkje rasjonelt eller effektivt å bruka tid og ressursar på å reisa rundt i regionen, korkje for politikarar eller administrasjon. Digitaliserte løysingar kan heller ikkje alltid erstatta personleg frammøte og/eller synfaringar.

I si tilråding om ny fylkesmannsstruktur har Fylkesmannen i Rogaland lagt avgjerande vekt på dette. Det kan godt vera at fylkeskommunen/den folkevalde regionen har mindre behov for direkte kontakt med kommunane enn Fylkesmannen, men me stiller oss likevel undrande til at dette ikkje er tillagt større vekt så langt i prosessen. Ut frå dagens fylkeskommunale oppgåver, og eventuelle nye oppgåver skisserte i Stortingsmelding nr. 22, er fylkeskommunen avhengig av god lokalkunnskap og godt samarbeid med kommunane. Dette gjeld mellom anna fornuftig organisering av vidaregåande opplæring, god og brukarorientert kollektivtransport, næringsutvikling, kulturtiltak og ikkje minst regional planlegging. Alt dette er viktige føresetnader for busetjing, arbeidsplassar og utvikling i heile fylket. Større regionar føreset i alle høve langt færre kommunar. Kommunestrukturarbeidet i Rogaland har, som kjent, til no ikkje ført til vesentleg reduksjon i kommunetalet.

Kva med oppgåvene?

Når det gjeld forventa nye oppgåver til ein stor region, seier heller ikkje høyringsmaterialet noko om dette. Me viser også her til Stortingsmelding nr. 22, der regjeringa peikar på nye oppgåver til nye og større regionar. I hovudsak inneber dette ei styrking og konkretisering av dei utviklingsoppgåvene som fylkeskommunen alt har, med særleg vekt på regional planlegging. Eventuell oppgåveoverføring frå stat til fylkeskommune/region må i alle høve basera seg på ei reell maktoverføring der regionen får fullt herredømme over oppgåva og ikkje berre er eit handhevingsorgan for nasjonale oppgåver. Her trengst det ein prinsipiell gjennomgang, som me ikkje finn i føreliggjande høyringsdokument og utgreiingsmateriell.

Plasseringa av Fylkesmannen

Me undrar oss over at Fylkesmannen si organisering har vore eit forhandlingstema i arbeidet med intensjonsplanen. Fylkesmannen er heilt avhengig av nærleik til kommunane og andre brukargrupper. Det er derfor særs viktig og avgjerande for oppgåveløysinga korleis strukturen er og kvar embetet er lokalisert. Fylkesmannen sine viktigaste oppgåver er forvaltning og formidling av nasjonale styringssignal, rettleiing, tilsyn og kontroll. I tillegg skal Fylkesmannen samordna statleg verksemd retta mot kommunane. I denne samanhengen vil me særskilt framheva behovet for tett samarbeid og samvirke med viktige beredskapsetatar, der politiet er den mest sentrale.

Vesentlege delar av Fylkesmannen si arbeidstid går med til dialog og kontakt med kommunane, i form av konferansar, møte, direkte tilsyn og synfaringar. Tekniske og digitaliserte løysingar vil i liten grad kunna erstatta denne kommunikasjonsforma. Med ein stor region vil det lett bli slik at både folkevalde, administrasjon og tilsette hos Fylkesmannen kan koma til å bruka langt meir av arbeidstida si til å reisa enn tilfellet er i dag. Me kan ikkje sjå at dette er framtidsretta bruk av tid og pengar overfor dei innbyggjarane offentleg forvaltning skal tena. Me er samde i at Fylkesmannen i utgangspunktet bør følgja regioninndelinga.

Fylkesmannen meiner at særleg behovet for tett kontakt med kommunane, god lokalkunnskap, samarbeids- og samordningsbehov tilseier at Rogaland bør halda fram som eigen region - med grenser tilsvarande Sør-Vest politidiskrikt som det aller beste alternativet.

Dersom vi endar opp med ein stor Vestlandsregion, i tråd med intensjonsplanen, meiner Fylkesmannen at regionen bør ha fleire fylkesmannsembete. Skulle resultatet likevel bli berre éin fylkesmann i ein eventuell Vestlandsregion, bør embetet vera lokalisert same stad som fylkeskommunen sin sentraladministrasjon og politiske leiing.

10-prosent-fylket

Me minner også på ny om regjeringa og Stortinget sine føringar på om lag 10 regionar. Rogaland er nær eit 10-prosents fylke når det gjeld folketal alt i dag, og blir i alle høve det dersom me legg politidistriktet til grunn. Med 10-12 regionar kan ein oppnå rimeleg balanse mellom desse.

Konklusjon

Fylkesmannen i Rogaland meiner ut frå dette at den beste løysinga for Rogaland og dei som bur og har sitt virke her, er at fylket held fram åleine, eller eventuelt blir tilført kommunar slik at grensene blir samanfallande med Sør-Vest politidistrikt.

Heile høyringssvaret vårt finn du som vedlegg i denne nettsaka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.