Framande artar

Spreiing av framande artar er ein av dei alvorlegaste truslane mot det biologiske mangfaldet, både i regional og nasjonal samanheng. Å hindra, kontrollera og utrydda framande skadelege artar som kan trua den økologiske balansen i naturen, er eit sentralt mål også i det globale arbeidet for å ta vare på naturverdiane.


23.05.2018

Vi fortset jakta på stillehavsøsters!

Er du glad i å opphalde deg i strandsona i sommar? Og i tillegg bryr deg om naturen? Kanskje du har litt konkurranseinstinkt? Da må du være med på vår jakt på stillehavsøsters i Rogaland!


11.09.2017

Sommarjakta på stillehavsøsters er avslutta

Fylkesmannen ønsker å takke alle som har sendt foto og kartskisse over funn. Dei to vinnarane har fått melding - premiane er på veg!


20.06.2017

Sommarjakt på stillehavsøsters

Er du glad i å vasse eller snorkle i havet? Bryr du deg i tillegg om naturen og har du kanskje og eit konkurranseinstinkt? Da må du bli med på den store sommarjakta på stillehavsøsters i Rogaland og vinne fine premiar!

Konkurranse er avslutta 1. september og alle deltakarane har fått melding frå oss.


28.09.2016

Funn av gjedde i vatn i Tysvær og Sandnes: framande artar truar lokalt naturmangfald

Ei gjedde blei tatt i garn i Storavatnet i Tysvær i helga, det er første gang arten er funne her. Dette er berre få dagar etter rapportar om funn av gjedde i Bråsteinvatnet i Sandnes. - Ein føler seg motlaus, seier rådgjevar ved Fylkesmannens miljøvernavdeling. 


03.03.2016

Slått av smal vasspest i Bjårvatnet - oppsummerande rapport

I perioden 2011-2013 blei det gjennomført slått av smal vasspest (Elodea nuttallii)  i Bjårvatnet. Denne rapporten gjer ei fagleg evaluering av dette arbeidet. Resultatet er at det ikkje blir sett på som kostnadseffektivt å setta i gang tilsvarande prosjekter i andre næringsrike innsjøar.   


22.06.2015

Forbod mot fleire planteartar frå årsskiftet

Framande artar av mange slag truar naturmangfaldet, både på land, i sjø og i vassdrag. Frå 1. januar 2016 vert det forbod mot salg av m.a. rynkerose, gullregn og fleire lupinartar.


04.10.2013

Hagerømlingar - ein trussel mot det biologiske mangfaldet

Brosjyre om framande planter og dyr som kan gjere skade i naturen. Nokre artar truar liv og helse, andre utgjer ein økonomisk risiko i landbruket.


04.10.2013

Utsetjing av utanlandske treslag

Forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål vart vedteken av Kongen i statsråd 25. mai 2012. Føremålet med forskrifta er å hindra at utsetjing av utanlandske treslag får uheldige følgjer for naturmangfaldet.


07.05.2013

Kamp mot framande plantar og dyr

Spreiing av framande artar er eit alvorleg trugsmål mot det biologiske mangfaldet. Å hindra, kontrollera og utrydda framande skadelege artar som kan trua den økologiske balansen i naturen er dei sentrale oppgåvene. Ein regional handlingsplan for Rogaland er no på plass.