Forbod mot fleire planteartar frå årsskiftet

Rynkerose kjem på lista over framande artar med salgsforbod.
Rynkerose kjem på lista over framande artar med salgsforbod.

Framande artar av mange slag truar naturmangfaldet, både på land, i sjø og i vassdrag. Frå 1. januar 2016 vert det forbod mot salg av m.a. rynkerose, gullregn og fleire lupinartar.

Skadelege framande artar er ein stor og aukande trussel, både i Noreg og internasjonalt. Framande artar av mange slag truar naturmangfaldet, både på land, i sjø og i vassdrag, og kan ha svært store økonomiske følgjer for landbruk og anna arealforvaltning.

Forbod mot salg
For å avgrensa desse skadeverknadene, vedtok Kongen i statsråd sist fredag forskrift for framande artar. Dei viktigaste verkemidla i forskrifta er ei forbodsliste mot dei mest skadelege framande artane, søknadsplikt for ein del artar og aktsomhetskrav for dei som fører inn, eller set ut framande organismar i Noreg. Forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2016. Miljødirektoratet vert sentral forvaltningsmynde etter forskrifta.

Forbodet inneber at det verta forbod mot å selgja desse artane, og å planta dei ut i hagar, parkar og andre område. Av artar som er vanlege i Rogaland, og som no vert forbodne, kan me til dømes nemna: 

  • Rynkerose
  • Kjempebjønnkjeks
  • Diverse lupinar
  • Kjempespringfrø
  • Gullregn
  • Parkslirekne og kjempeslirekne
  • Kanadagullris
  • Diverse mispelarter
  • Haustberberis
  • Sølvarve og filtarve
  • Gravbergknapp og sibirbergknapp, mm.

I Rogaland har me ein eigen handlingsplan mot framande artar. Den kan du lese meir om her.