Vi fortset jakta på stillehavsøsters!

Er du glad i å opphalde deg i strandsona i sommar? Og i tillegg bryr deg om naturen? Kanskje du har litt konkurranseinstinkt? Da må du være med på vår jakt på stillehavsøsters i Rogaland!

Takka vere mange av dykk gode hjelparar, fekk Fylkesmannen i Rogaland i fjor mange observasjonar av stillehavsøsters, frå Finnøy i nord til Ådnøy i sør.

Stillehavsøsters er ein framand art som dessverre blir stadig meir vanleg langs kysten vår. Den spreier seg raskt og kan endre det biologiske mangfaldet på havbotnen dramatisk ved at den dannar store og skarpe rev på sandbotn. Stillehavsøstersen presser ut andre muslingar som flatøsters og blåskjell, som igjen er viktig mat for andre artar som til dømes ærfugl.

Sjølv om det allereie er funne stillehavsøsters på vestlandet, er ikkje utbreiinga her like omfattande som på Skagerakkysten og i Oslofjorden. Det kan likevel tenkjast at det milde klima i Rogaland dessverre kan gjere oss til eit nøkkelfylke med omsyn til spreiing av arten oppover kysten. Vi har derfor ønskje om å fortsetje kartlegginga også i år. Kanskje du finn østers ein plass vi ikkje kjenner til frå før?

Kjem du over stillehavsøsters i sommar ber vi deg difor om å sende inn eit bilde av funnet ditt, samt ei lita kartskisse som viser kor østersen blei funne. Har du moglegheit for å skrive ned GPS- koordinatar kan det også vere nyttig.

Funn kan sendast til fmropost@fylkesmannen.no. Skriv namn, adresse og fortel om ungar har vore med på jakta. Alle bidrag vil vere med i trekninga av flotte premiar med marine tema.

P.S. Eit teikn på at du har funne stillehavsøsters er at denne er meir langstrakt og taggete enn den meir «runde» flatøstersen. Google om du er i tvil! Og husk at den norske flatøstersen er nær trua!