Funn av gjedde i vatn i Tysvær og Sandnes: framande artar truar lokalt naturmangfald

Ei gjedde blei tatt i garn i Storavatnet i Tysvær. Foto: Beathe H. Medhaug
Ei gjedde blei tatt i garn i Storavatnet i Tysvær. Foto: Beathe H. Medhaug

Ei gjedde blei tatt i garn i Storavatnet i Tysvær i helga, det er første gang arten er funne her. Dette er berre få dagar etter rapportar om funn av gjedde i Bråsteinvatnet i Sandnes. - Ein føler seg motlaus, seier rådgjevar ved Fylkesmannens miljøvernavdeling. 

Gjedda som sto i garnet til grunneigar John Arne Medhaug i Storavatnet i Tysvær var 34 cm lang og vog 318 gram. Dette er eit ungt individ, men om arten er sett ut nyleg veit vi ikkje ennå. Fylkesmannen har óg fått opplysningar om garnfangst av gjedde i Bråsteinvatnet i Sandnes. Her finst den framande fiskearten sørv frå før.

Gjedda finst naturleg på Austlandet, men har i seinare tid blitt spreidd til Vestlandet. Her er ho difor karakterisert som ein framand og uønska art. I Rogaland er ein nå oppe i minst åtte vatn med gjedde.

Trussel mot lokale artar

Framande artar er ein av dei største truslane mot naturmangfaldet. Det å sette ut gjedde i eit vatn kor han ikkje høyrer til frå før, kan føre til ustabile økosystem. Gjedda trivst naturleg i grunne og næringsrike innsjøar med stor tilgang på byttedyr. I andre innsjøtypar kan andre artar, som aure og røye, ha større konkurransefortrinn. Kva effektar dette vil ha i Storavatnet og Bråsteinvatnet er likevel vanskeleg å føresjå.

Kva kan vi gjere?

Kommunane speler ei viktig rolle med førebygging, kartlegging og bekjemping av framande artar, og Fylkesmannen rettleiar og følger opp dette arbeidet. Det er Miljødirektoratet som har mynde til fjerning av framande artar, jf. § 69 i Naturmangfaldlova.

I Løkavatnet i Haugesund klarte ein ikkje å fjerne all gjedda, trass i svært høg innsats med garn og ruser. Fleire andre utfiskingsprosjekt viser det same. Kjemisk bekjemping er eit anna alternativ, men dette er svært kontroversielt. Særleg med så mange lokalitetar, som fungerer som lokale spreiingskilder.

- Situasjonen kan følast som motlaus, seier Irvin Kilde, rådgjevar ved Fylkesmannen si miljøvernavdeling.

Fylkesmannen har vore i kontakt med kommunane, grunneigarar og jeger- og fiskeforeiningar. Og i tillegg til prøvefiske for å få oversikt over situasjonen, er det viktig å formidla at utsetting av framande fiskeartar ikkje er greit!

Sjå oppslag i TV Haugaland her, artikkel i Haugesunds avis her, og radiointervju i Radio102 her

Kontaktpersoner