Kommuneøkonomi

Fylkesmannen skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til fylkesmannen) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Fylkesmannen dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar

Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Fylkesmannen som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Fylkesmannen.

Vis meir


27.10.2016

Orientering om skjønstildelinga for 2017

I rammetilskotet til kommunane (kap. 571), jf. Grønt hefte tabell 1-k, er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Vi gir her ei orientering om hovudmomenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2017.

26.10.2016

Analyseverktøy KOSTRA-tal for 2015

Vi legg fram ein ny versjon av eit samanlikningsverktøy for kommunal økonomi og tenesteyting, oppdatert med endelege KOSTRA-tal for 2015.

24.10.2016

Bra skattevekst i landet, svakare i Rogaland

Skatteinngangen ved utgangen av september viser ein vekst på 8,2 % for landet, men berre 2,8 % for kommunane i Rogaland.

19.10.2016

Kommuneopplegget for 2017 - tilleggsinformasjon

Vi får spørsmål om nærare spesifikasjon av  ein del element som ligg i kommuneopplegget, dvs. kommunevise beløp for oppgåvekorreksjonane som ligg i vekstberekningane og kor mykje dei ulike satsingane i frie inntekter utgjer for kvar kommune.

18.10.2016

Ny kommunaløkonomisk statistikk

Kommunane kom relativt gunstig ut resultatmessig i 2015, men lånegjelda nærmar seg landsnivået.

06.10.2016

Kva betyr statsbudsjettet 2017 for kommuneøkonomien?

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram torsdag 6. oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 2,4 %, mot 2,7 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2016.

19.07.2016

Midlar til kommunale innovasjonsprosjekt 2016

Det er fordelt i alt kr 5 050 000 til innovasjons- og fornyingsprosjekt for 2016, etter søknader frå kommunane.

04.07.2016

Tiltakspakken er vedtatt av Stortinget

Stortinget vedtok 17. juni 2016 ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2016 eit øyremerka tilskot til kommunar på Sørlandet og Vestlandet på 400 mill. kroner til vedlikehald og rehabilitering.

13.05.2016

Kommuneproposisjonen for 2017 - hovudpunkt

Kommuneproposisjonen for 2017 blei lagt fram 11. mai. Vi har laga eit samandrag av hovudpunkta

03.05.2016

Likevel brukbart økonomisk resultat i kommunane i 2015

Driftsresultata i kommunane i fylket i 2015 var betre enn landet, til trass for at skatteinngangen var svakare.