Kommuneøkonomi

Fylkesmannen skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Kommunar med meirforbruk som ikkje blir nedbetalt etter krava i kommunelova, blir registrert i "Register om betinget godkjenning og kontroll" (Robek). Fylkesmannen skal kontrollere budsjett og økonomiplanar i Robek-kommunar og godkjenne alle vedtak om lån og langsiktige leieavtalar.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Når ein kommune garanterer for eit beløp som overstig 500 000 kroner, skal vedtaket godkjennast av Fylkesmannen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Fylkesmannen som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 60, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Fylkesmannen.

Vis meir


16.02.2015

Skjønstilskot for 2015 - 2. tildeling

Fylkesmannen har fordelt 9,2 mill. kr av skjønsmidla for 2015 til 12 kommunar. Av dette går 7,1 mill. kr til 7 kommunar for språkdeling. Resten går til innovasjonsprosjekt og uføresette utgifter.

17.12.2014

Endringar i kommuneopplegget for 2015- saldert statsbudsjett

Stortinget vedtok 9. desember statsbudsjettet for 2015. Det endelege budsjettet inneber ein del endringar i kommuneopplegget i høve til forslaget til statsbudsjett i oktober.

21.11.2014

Ny kommunaløkonomisk statistikk

Hovudbiletet samla for fylket er at handlefridomen (netto driftsresultat)  relativt  er svekka noko dei seinare åra, samstundes som gjeldsgraden har nærma seg landet.

28.10.2014

Orientering om skjønstildelinga for 2015

I rammetilskotet til kommunane (kap 571, jf Grønt hefte tabell 1-k) , er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Vi gir her ei orientering om hovudmomenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2015.

08.10.2014

Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2015

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram onsdag 8.oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 5,5 %, mot 4,8 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2014. Auka veksttilskot vil gi eit godt påslag for fleire kommunar i fylket.

04.07.2014

Midlar til innovasjon i kommunane

Det er i år tildelt i alt 5,53 mill kr av skjønsmidla til kommunale innovasjons- og utviklingsprosjekt. Dette er ein god del meir enn tidlegare år og er eit ledd i den nye innovasjonsstrategien for kommunesektoren.

04.06.2014

Kommuneøkonomi og kommunereform. Lysarka frå Kommuneøkonomidagen 3. juni

Det økonomiske opplegget for 2015 og arbeidet med kommunestruktur var tema på Kommuneøkonomidagen på Victoria Hotel 3. juni 2014.

21.05.2014

Kommuneøkonomidagen 3. juni

Kommuneproposisjonen og kommunestruktur er tema på Kommuneøkonomidagen 3. juni. Konferansen er eit samarbeid med KS og NKK. Statssekretær Paul Chaffey er innleiar for KMD.

15.05.2014

Nytt frå Kommuneproposisjonen for 2015

Kommuneproposisjonen og forslag til revidert statsbudsjett 2014 blei lagt fram 14. mai. Dei viktigaste sakene er endringar i inntektssystemet og opplegget for arbeidet med kommunestruktur.

20.03.2014

Svakare økonomisk resultat i kommunane i 2013

Driftsresultata i kommunane i fylket var noko svakare enn året før, men litt betre enn landet. Dette viser førebels KOSTRA-tal for 2013.