Kommuneøkonomi

Fylkesmannen skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Kommunar med meirforbruk som ikkje blir nedbetalt etter krava i kommunelova, blir registrert i "Register om betinget godkjenning og kontroll" (Robek). Fylkesmannen skal kontrollere budsjett og økonomiplanar i Robek-kommunar og godkjenne alle vedtak om lån og langsiktige leieavtalar.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Når ein kommune garanterer for eit beløp som overstig 500 000 kroner, skal vedtaket godkjennast av Fylkesmannen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Fylkesmannen som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 60, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Fylkesmannen.

Vis meir


22.05.2015

Kommuneøkonomi og kommunereform. Lysarka frå Kommuneøkonomidagen 21.mai

Det økonomiske opplegget for 2016 og oppgåvemelding/ kommunestruktur var tema på Kommuneøkonomidagen på Victoria Hotel 21.mai 2015.

13.05.2015

Nytt frå Kommuneproposisjonen for 2016

Kommuneproposisjonen for 2016 blei lagt fram 12. mai. Vi har laga eit samandrag av hovudpunkta:

06.05.2015

Skjønstilskot til arbeidet med kommunereform

Fylkesmannen har fordelt  2,5 mill. kr av skjønsramma for 2015 til 18 kommunar med bakgrunn i arbeidet med kommunereform. Den eine av desse får midlane på vegne av 8 kommunar som har eit samarbeid.

28.04.2015

Svak skatteinngang ved utgangen av mars

Tal for skatteinngangen i kommunane t.o.m. mars viser ein vekst på berre 1,5 %, mot 3,2 % for landet. Inngangen i Stavanger dreg ned, men også kommunane samla utanom Stavanger ligg under landet. Dette kan tyda på at det kan bli vanskeleg å få inn dei budsjetterte skatteinntektene i år

16.04.2015

Kommuneøkonomidagen 21. mai – kommuneproposisjonen og oppgåvemelding / kommunereform

Kommuneproposisjonen og oppgåvemelding / kommunestruktur er tema på Kommuneøkonomidagen torsdag 21. mai. Konferansen er eit samarbeid med KS og NKK. Statssekretær Per Willy Amundsen er innleiar for KMD.

10.04.2015

Lysarka frå kommuneøkonomiseminaret 9. april.

Saman med KS og NKK arrangerte vi eit økonomiseminar med aktuelle tema torsdag 9. april.

18.03.2015

Svekka økonomisk resultat i kommunane i 2014

Driftsresultata i kommunane i fylket var ein god del svakare enn året før, og svakare enn landet. Dette viser førebels KOSTRA-tal for 2014

27.02.2015

Kommuneøkonomiseminar 9. april

Saman med KS og NKK legg vi opp til eit økonomiseminar med aktuelle tema torsdag 9. april. Seminaret «erstattar» det tidlegare KOSTRA-seminaret.

20.02.2015

Folketilveksten minkar

Folketalet i Rogaland aukar framleis meir enn landet, men ikkje så mykje som åra før. Likevel hadde berre Oslo og Akershus høgare vekst i fjor, i følgje ferske folketal frå SSB

19.02.2015

Svak skatteinngang i 2014

Skatteinntektene auka mindre i fjor enn året før. Kommunane i Rogaland hadde også i fjor større vekst enn landet. Nivået pr. innbyggjar ligg framleis godt over landet, men gjekk litt ned i 2014