Kommuneøkonomi

Fylkesmannen skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til fylkesmannen) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Fylkesmannen dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar

Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Fylkesmannen som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Fylkesmannen.

Vis meir


13.03.2019

Framleis lågare skattevekst enn landet

Mange kommunar melder også i år om eit godt økonomisk resultat for føregåande år, og også denne gongen er mykje av forklaringa høgare skatteinntekter enn venta. Sjølv om skatteveksten var lågare i kommunane i Rogaland enn landet får dei likevel del i skatteveksten for landet gjennom inntektsutjamninga.

08.03.2019

Kommuneøkonomidagen 23. mai

Den årlege kommuneøkonomidagen blir i år torsdag 23. mai på Hotel Victoria.

29.01.2019

Skjønstilskot til språkdeling 2019

Fylkesmannen har fordelt 9,6 mill. kr av skjønsramma for 2019 til sju kommunar sidan dei har meirutgifter i samband med språkdeling.

23.11.2018

Endringar i eigedomsskattelova – kompensasjon for retaksering og kompensasjon for inntektstap

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2018 fatta Stortinget vedtak om å frita produksjonsutstyr og installasjonar for eigedomsskatt frå og med 2019.

06.11.2018

Orientering om skjønstildelinga for 2019

I rammetilskotet til kommunane (jf. Grønt hefte), er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Vi gir her ei orientering om hovud-momenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2019.

08.10.2018

Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2019

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram måndag 8. oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 3,0 %, mot 2,9 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2018.

14.08.2018

Hjelmeland er ute av ROBEK

Hjelmeland kommune er ute av ROBEK frå 9. august. Dermed er ingen kommunar i Rogaland med i dette registeret.

06.06.2018

Skjønsmidlar til retaksering av verk og bruk i kommunane

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2018 fatta Stortinget vedtak om å frita produksjonsutstyr og installasjonar for eigedomsskatt frå og med 2019.

22.05.2018

Kommuneproposisjonen for 2019

Kommuneproposisjonen for 2019 blei lagt fram 15. mai. Vi har laga eit samandrag av hovudpunkta.

10.04.2018

Svakare skatteinngang i Rogaland enn i landet, også i 2017

Også i år meldar kommunane om gode resultater for 2017, og igjen er ekstraordinære skatteinntekter ein stor del av forklaringa. Kommunane i Rogaland hadde svakast skattevekst av fylka i 2016. Slik er det også for 2017, men dei får likevel del i skatteveksten for landet gjennom inntektsutjamninga.