Koronaviruset: Her held du deg oppdatert

Koronaviruset har ramma mange rogalendingar. Kor skal du finna nødvendig informasjon?
21.09.2020

Avlyst eksamen førte til fleire grunnskolepoeng

Grunnskulepoeng auka i snitt med 1,2 poeng siste skuleår. I Rogaland var auka på 1,1 poeng, som er den største auka nokosinne.

21.09.2020

Ekstra skjønnstilskot som følge av koronautbrotet og kriseskjønn

Fylkesmannen skal dele ut ekstra skjønnstilskot til kommunane i Rogaland for 2020 som følge av koronautbrotet, i tillegg til restskjønn/kriseskjønn for andre uventa økonomiske utfordringar. Kommunane må vere tydelege i søknaden på kva som er meirkostnader til smittevern, kva som er andre meirkostnader på grunn av koronautbrotet og kva som er helt andre uventa økonomiske utfordringar i 2020. Skjønnstilskota har søknadsfrist 30. september 2020.Regjeringa legg no fram forslag om ytterlegare 500 millionar kroner meir i ekstra skjønnstilskot til kommunane til oppfølging av TISK-strategien (strategi for testing, isolering, smittesporing og karantene). 

11.09.2020

Statsråden vil ikkje gripe inn i Biltema-saka

Stavanger kommune gav først løyve til fullsortiments varehus med detaljhandel på Biltema på Forus, men Fylkesmannen i Rogaland klaga på kommunens vedtak fordi det er i strid med nasjonale føringar og regionale planar for etablering og lokalisering av detaljhandel.

08.09.2020

Spennande pilotprosjekt- styrking av menneskerettane til personar med nedsett funksjonsevne

I Noreg er vi så heldige at alle får utdanning, men alle deltek ikkje på samme måte. Bufdir vil no starte eit samarbeid med norske kommunar for mellom anna å sikre barn og unge med nedsett funksjonsevne like rettar og like moglegheiter. I dette arbeidet skal Fylkesmannen i Rogaland få vere med og bidra

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel

Følg oss på sosiale medium