Landbruk og mat


21.05.2019

Mat og kultur i det vestnorske fjordlandskapet til Internationale Grüne Woche i Berlin

Fjord Norge-regionen skal delta på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin januar 2020. 20 verksemder frå regionen vert plukka ut som deltakarar til messa. Er di verksemd ei av dei?

21.05.2019

Sauda kommune bør ha ein overordna hytteplan

Kommuneplanen for Sauda har fått eit kraftig løft sidan førre revidering. Det er gjort gode grep med betre føresegner og fokus på sentrumsutvikling, men viktige intensjonar frå samfunns- og arealdelen viser ikkje igjen i arealforslaget i kommuneplankartet.

20.05.2019

Framleis 700 båsfjøs i Rogaland

Skal alle mjølkeprodusentar i Rogaland klare kravet om lausdrift, så må det byggast opp mot 50 fjøs i året fram mot 2034. Rogaland har om lag 1200 mjølkeprodusentar som står for 20 prosent av produksjonen i Noreg. Framleis er det om lag 700 båsfjøs i fylket.

16.05.2019

Nytt servicebygg ved Borestranda opna

Parkeringsplassen på Bore strand er oppgradert, og i denne veka blei det opna eit nytt bygg med toalett og dusj som toler vêr og vind.

16.05.2019

Joajordbær til Slottet

Nyheita om desse rekordtidlege, smaksrike bæra har nådd Tigerstaden, og nå skal kongen og dronninga få nyte dei på sjølvaste 17. mai.

16.05.2019

Når dei målretta tiltaka gir frukter

Sidan 2014 har vi hatt ei svært målretta satsing på å få opp fruktproduksjonen i fylket. Godt samarbeid med næringa, godt koordinert arbeid mellom mobiliseringsaktivitetar og strategisk bruk av IBU-midlane har gitt resultat. I perioden 2015–2019 blei det planta 485 dekar med eple, 70 dekar med morellar i tunell, 9 dekar plommer og 20 dekar pære

15.05.2019

Når dei overordna strategiane verkar

I Rogaland har vi i over 13 år vore tru mot nokre hovudstrategiar for bruken av dei regionale midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket, IBU-midlane. Vi meiner det er ein av årsakene til at distriktsjordbruket framleis står for 40 prosent av verdiskapinga i Rogalands-jordbruket.  

14.05.2019

Mat for eldre er meir enn godt

Målet med kvalitetsreforma "Leve hele livet" er eit meir aldersvenleg Noreg, og i det ligg det blant anna å motivere til matglede og betre matomsorg.

13.05.2019

Kjekt og nyttig med UiS-student på landbruksavdelinga

Pernille B. Dahle har i praksisperioden på landbruksavdelinga kartlagt svinebønder i Rogaland sine haldningar og kunnskapar knytt til dyrehelse. Resultata viser at dei aller fleste har gode rutinar for smittevern.

10.05.2019

Erstatning ved frostskader i frukt

Det har vore fleire oppslag om frostskadar i frukt på Austlandet. Det kan sjå ut som det har gått bra i Rogaland.

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel

Landbruk og mat i Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland si landbruksavdelingen har som hovudoppgåve å syte for at nasjonal landbrukspolitikk blir kjend og sett i verk i fylket. Det betyr at vi arbeider for at dei fire hovudmåla i nasjonal landbrukspolitikk skal nås i Rogaland; Matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile fylket, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Med 20 – 30 prosent av matproduksjonen i Norge og ei årleg verdiskaping på nær 6 milliardar kroner, har Rogaland ein viktig posisjon i norsk landbruk. Denne posisjonen arbeider landbruksavdelinga for skal styrkast og utviklast vidare.