Kommuneøkonomi

Fylkesmannen skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til fylkesmannen) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Fylkesmannen dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar

Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Fylkesmannen som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Fylkesmannen.

Vis meir


20.03.2014

Svakare økonomisk resultat i kommunane i 2013

Driftsresultata i kommunane i fylket var noko svakare enn året før, men litt betre enn landet. Dette viser førebels KOSTRA-tal for 2013.

19.03.2014

Kan kommunane ta fakturagebyr?

Dette varierer for dei ulike tenesteområda, og vi har gått nærare inn på spørsmålet på bakgrunn av ønskje frå ein kommune.

28.02.2014

Satsing på innovasjon i kommunane - skjønsmidlar

Det skal tildelast inntil 6,35 mill kr til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt i 2014. Dette er ein god del meir enn tidlegare år og er eit ledd i den nye innovasjonsstrategien for kommunesektoren. Søknadsfristen er 6. mai.

28.02.2014

Bra skattevekst også i 2013

Kommunane i Rogaland hadde også i fjor betre skatteutvikling enn landet. 

25.02.2014

Lågare vekst i folketalet i 2013

Folketalet i Rogaland auka meir enn landet også i 2013, men ikkje så mykje som åra før. Likevel hadde berre Oslo høgare vekst, i følgje ferske folketal frå SSB.

13.02.2014

Skjønstilskotet for 2014 - 2. tildeling

Det er fordelt 9,8 mill kr av skjønsramma for 2014 til 9 kommunar. Tildelinga gjeld i hovudsak kompensasjon for språkdeling i 7 kommunar og midlar til innovasjonsprosjekt i to kommunar.

12.11.2013

Tilleggsproposisjonen for statsbudsjettet 2014 – samandrag av endringar i kommuneopplegget

Framlegget frå den nye regjeringa til tilleggsproposisjon for statsbudsjettet 2014 blei lagt fram 11. november (Prop. 1 S Tillegg 1). Vi gir her eit kort samandrag.

31.10.2013

Ny kommunaløkonomisk statistikk

Hovudbiletet samla for fylket er at handlefridomen (netto driftsresultat)  relativt  er svekka noko dei seinare åra, samstundes som gjeldsgraden har auka sterkare enn landet, bortsett frå siste året.

31.10.2013

Orientering om skjønstildelinga for 2014.

I rammetilskotet til kommunane (kap 572), jf Grønt hefte tabell 1-k, er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Vi gir her ei orientering om hovudmomenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2014.

14.10.2013

Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2014

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram måndag 14.oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på  4,4 % mot  4,1 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2013.