Kommuneøkonomi

Fylkesmannen skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Kommunar med meirforbruk som ikkje blir nedbetalt etter krava i kommunelova, blir registrert i "Register om betinget godkjenning og kontroll" (Robek). Fylkesmannen skal kontrollere budsjett og økonomiplanar i Robek-kommunar og godkjenne alle vedtak om lån og langsiktige leieavtalar.

Kommunale garantiar

Kommunane kan gi lånegarantiar. Når ein kommune garanterer for eit beløp som overstig 500 000 kroner, skal vedtaket godkjennast av Fylkesmannen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Fylkesmannen som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 60, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Fylkesmannen.

Vis meir


12.07.2017

Analyseverktøy med KOSTRA-tal for 2016

Vi legg fram ein ny versjon av eit samanlikningsverktøy for kommunal økonomi og tenesteyting, oppdatert med endelege KOSTRA-tal for 2016.

05.07.2017

Innovasjonsprosjekt - første tildeling for 2017

Fylkesmannen har fordelt kr 3 250 000 til 8 kommunale innovasjonsprosjekt av skjønsmidlane for 2017. Sidan det skal haldast av ein reserve på 3,35 mill. kr til hausten, vil det bli ein ny tildelingsrunde då.

01.06.2017

Kommuneøkonomidagen 2017: Færre kommunar på ROBEK-lista

Det økonomiske opplegget for 2018, omstilling i Haugesund og kommunal bustadpolitikk var tema på Kommuneøkonomidagen i Stavanger 30. mai 2017.

12.05.2017

Kommuneproposisjonen for 2018 - hovudpunkt

Kommuneproposisjonen for 2018 blei lagt fram 11. mai. Vi har laga eit samandrag av hovudpunkta.

30.03.2017

Kommuneøkonomidagen 30. mai

Fylkesmannen inviterer i samarbeid med KS Rogaland og NKK Rogaland til den årlege Kommuneøkonomidagen tysdag 30. mai på Victoria Hotel, Stavanger. Hovudtema blir som vanleg kommuneproposisjonen, vidare vil rådmann Ole Bernt Thorbjørnsen orientera om omstilling i Haugesund og vi planlegg eit tema om bustadtilbod rus/psykiatri og aktuelle problemstillingar knytt til dette.

16.03.2017

Betre resultat i kommunane enn landet også i 2016.

Førebels KOSTRA-tal for 2016 viser at kommunane i fylket under eit hadde et netto driftsresultat på 4,8 % av sum driftsinntekter, mot 4,0 % for landet ekskl. Oslo.

02.03.2017

Skjønsmidlar til innovasjon og fornying i kommunane 2017

Det skal også i år tildelast skjønsmidlar til gjennomføring av innovasjons- og fornyingsprosjekt i kommunane etter søknad. Midlane vil bli tildelt av restramma på 6,6 mill. kr som er tenkt skal gå til dette formålet i hovudsak. Søknadsfristen er 2. mai.

28.02.2017

Lågare folketilvekst i 2016

I 2016 som året før auka folketalet i Rogaland mindre enn landet. Tidlegare har det vore ein lang periode med større vekst enn landet.

23.02.2017

Svært god skatteinngang i landet, svakare i Rogaland.

Når mange kommunar nå melder om gode resultat for 2016, er ei viktig forklaring at 2016 var eit svært godt skatteår. Kommunane i Rogaland hadde  svakast skattevekst av fylka i fjor, men dei får likevel del i skatteveksten for landet gjennom inntektsutjamninga.

26.01.2017

Skjønstilskot til språkdeling 2017

Fylkesmannen har fordelt  9,4 mill. kr av skjønsramma for 2017 til sju kommunar sidan dei har meirutgifter i samband med språkdeling.