Stort oppmøte og engasjement på dialogmøte med kommunane

Meir enn 60 deltakarar var på dialogmøtet 26. november      Foto: Ingrid Roth
Meir enn 60 deltakarar var på dialogmøtet 26. november Foto: Ingrid Roth

Kommunane må i større grad tenke berekraft, biomangfald og klima, sett opp mot bonden sitt eige behov. Dette var eitt av fleire tema som blei diskutert då landbruksforvaltninga i Rogaland var samla til dialogmøte.

 

Meir enn 60 representantar frå landbruksforvaltninga i Rogaland var samla til dialogmøte 26. november 2019 i Stavanger.

Statsbudsjettet styrker klima- og miljøinnsatsen ytterlegare i 2020

Landbruksdirektør Geir Skadberg innleia om nytt innan landbrukspolitikken. Det er auka løyving til regionale miljøprogram  og SMIL-ordninga. I tillegg blir tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg styrka. Berekraft, biomangfald og klima blir og tema på Landbrukskonferansen 16.mars 2020

Politikaropplæring på dagsorden i 2020
Fylkesmannen har invitert alle lokalpolitikarar til fire regionale informasjonsmøte på nyåret. Datoar og påmeldingsfristar finn de her. Det vil her bli annonsert tilbod om «dialogpakkar» til kommunane innan jordvern og arealpolitikk.

Mange aktuelle tema
Andre tema me diskuterte var regional jordvernstrategi, husdyrkonsesjonsregelverket, felles skogforvaltning for sør-Rogaland og utfordringane med nydyrking og handsaming av konsesjonssaker. Felles skogforvaltning for Sør-Rogaland håper me blir ein realitet innan sommaren 2020. Då vil me få på plass ny organisering og styrking av kompetanse og ressursar på skog i kommunane, og det vil bli ei samla og meir einsretta handsaming av tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.  Areal og eigedom blir og tema for eit eige møte i 2020.

Grøntsatsing i landbruket
Samlinga blei avslutta med eit innlegg om grøntsatsinga som blir viktig for landbruket framover. Jordbruksavtalen har ei klar satsing på vekst og innovasjon i frukt- og grøntnæringa. Etterspørselen aukar, og næringa må sjå seg om etter moglegheiter for å forlenge sesongen, tilby fleire produkt og styrke konkurransekrafta. Samstundes er det utfordringar knyta til det å få leveringsavtale for nye produsentar. Målet må vere å auke norskandelen, og møte auka etterspørsel med mest mogleg norskproduserte varer. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette på nyåret.