Klima

Utsleppet av klimagassar i Noreg må ned for at vi skal nå dei internasjonale og nasjonale måla som er definerte i Parisavtalen og klimalova.  Vi kan avgrense klimaendringane ved å redusere klimagassutslepp og å auke opptak og binding av karbon. Samtidig må vi erkjenne at klimaet alt er i ferd med å endre seg, og at vi alt no må tilpasse oss eit endra klima.

Utsleppsreduksjonar

Fylkesmannen skal arbeide for å redusere utslepp av klimagassar på ei rekkje område. Vi er bindeleddet mellom nasjonal klimapolitikk og kommunar og andre aktørar i fylket. Fylkesmannen har dessutan ein viktig funksjon i å følgje opp planarbeidet i kommunane, både som rettleiar i kommunal planlegging og ved å fremje motsegn dersom planar er i strid med nasjonale retningslinjer. På landbruksområdet informerer og rettleiar vi om tiltak og verkemiddel som kan redusere klimagassutsleppa og auke opptak og binding av karbon. Vi jobbar for å formidle kunnskap og informasjon om klima til kommunane innanfor alle ansvarsområda våre. Dette gjer vi gjennom dialog med kommunane og gjennom samlingar, kurs og konferansar.

Klimatilpassing

I Noreg betyr klimaendringane i hovudsak høgare gjennomsnittstemperatur, auka nedbørintensitet, auka avrenning, færre dagar med snø, auka havnivå og konsekvensar for naturmiljøet. Endringane gir auka risiko for flaum, stormflo, skred (både jordskred og snøskred) og skader som følgje av overvatn. Klimaendringane har også meir sakteverkande effektar på natur og samfunn, som endringar i artar og økosystem og endra vilkår for naturbaserte næringar som fiskeri, landbruk og reiseliv. Klimaendringane har ulike konsekvensar i ulike område av landet, og nødvendige tiltak kan variere frå stad til stad. Fylkesvise klimaprofiler skildrar venta klimaendringar for kvart fylke mot slutten av dette hundreåret.

Fylkesmannen skal bidra til at samfunnet klarer å avgrense den negative effekten av klimaendringane. Rolla vår er å ta avgjerder og vere rettleiar innan fleire av fagområda våre. Arealplanlegging har ei nøkkelrolle i klimatilpassingsarbeidet, og Fylkesmannen rettleiar og kan komme med motsegn. Fylkesmannen har dessutan ei sentral rolle innanfor regional samfunnstryggleik og beredskap, som omfattar tilsyn, rettleiing og risikoførebyggande arbeid, og handtering av akutte situasjonar. Landbruk, avløp, naturforvaltning og vassforvalting er andre fagområde der Fylkesmannen kan vere med og bidra til at samfunnet er førebudd på å tole konsekvensane av et endra klima.

Vis meir


13.01.2016

Pilotprosjekt om klimatilpasning i Vest-Agder

Kommuner i Vest-Agder må sette i verk tiltak for å sikre viktig infrastruktur og ivareta naturmangfoldet når klimaet endrer seg. Det viser et pilotprosjekt om klimatilpasning Fylkesmannen har gjennomført i samarbeid med tre kommuner og Miljødirektoratet.

02.04.2014

Ny klimafilm for skoleverket

Filmen handler om klimatilpasning i Norge.

17.03.2014

Miljøtiltak som virker: 31,1% mindre klimagasser siden 2009!

Fylkesordfører Sverdrup Lund åpnet årsmøtet i Klimapartnere og ønsket tre nye medlemsbedrifter velkommen.

29.11.2013

Vellykket klimafagdag på UiA-Grimstad 26. november

Fylkesmennene i Aust- og Vest-Agder arrangerte et felles seminar, der sentrale fagfolk presenterte ulike sider av det klimarelaterte arbeidet.

30.10.2013

Klimafagdag på Agder 26.november

Fylkesmennene i Aust-Agder og Vest-Agder inviterer til klimafagdag på UiA.

11.12.2012

Fylkesmann Øystein Djupedal nytt styremedlem i GGGI

Djupedal er oppnevnt av Regjeringen som styremedlem i Global Green Growth Institute (GGGI)

05.12.2012

Klimatilpasning på Sørlandet

Klimaet er i endring, og klimatilpassing er derfor nødvendig.