Det er ikkje for seint å søkje SMIL-midlar

Nysgjerrig ku. Foto: Hedda Haugland

Hausten nærmar seg med stormskritt, og det blir kanskje meir tid til å planlegge? Vi minner om at du søkje SMIL-midlar heile året. Fleire kommunar har midlar igjen til gode søknadar. 

Publisert 01.09.2023

SMIL-midlane skal brukast på tiltak som fremmar natur- og kulturverdiane i jordbrukets kulturlandskap og som reduserer forureining frå landbruket. Eigar eller leigar av ein  landbrukseigedom der det er vanleg jordbruksproduksjon kan søke om SMIL-midlar. Kort sagt, kan du søkje produksjonstilskot, kan du søkje på SMIL.

Kommunane bestemmer sjølv kva dei skal prioritere å gi midlar til. Hovudsakeleg skal midlane gå til:  

  • Å redusere forureining
  • Ivareta natur- og kulturminna i jordbrukets kulturlandskap,
  • Miljøtiltak utover vanleg jordbruksdrift
  • Planleiing- og tilretteleggingsprosjekt

Desse måla er breie, og prioriteringane i kommunane varierer. Kvar kommunen har utarbeidd ein strategiplan der det står kva dei ønskjer å prioritere, denne skal du kunne finne på kommunens eigne sider.

Krav til søknaden

SMIL-midlar er meint å brukast på eingongstiltak, og ikkje som eit tilskot for å halde vedlike allereie eksisterande miljøtiltak. Midlane går til miljøtiltak som er utover vanleg drift. Tiltak som følgjer forskriftskrav, t.d. tette gjødselportar, kvalifiserer ikkje for støtte frå SMIL. 

Du må hugse å søkje på førehand. Kommunen kan ikkje løyve midlar til tiltak som allereie er påbegynt eller ferdigstilt. 

Så viss du vil:  

  • sette opp fleire gjerdeklyvarar 
  • fjerne framande skadelege artar i kulturlandskapet 
  • etablere fangdam 

kan du søkje kommunen om støtte. Her fekk du nokre døme, men det er mange fleire tiltak som det kan søkjast for. Så, kva ventar du på? 

Lenke til søknadsskjema finn du vedlagt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.