Regionalt miljøtilskot til pollinerande insekt

Frå og med 2019 kan bønder som legg til rette for pollinerande insekt få inntil 5000 kr i regionalt miljøtilskot. Dei må anten så i eigna frøblandingar på dyrka mark, eller skjøtte areal som har ei blanding av plantar som gir næring for pollinatorane gjennom vekstsesongen.

Tilskotet blir gitt per meter sone, og breidda på sona må vere minst to meter. Vegetasjonssone langs vassdrag kvalifiserer ikkje for tilskot.

Dei areala som er best eigna er relativt tørre område på næringsfattig jord med god kalktilstand.

Skjøtselsråd

  • Ingen bruk av kjemiske plantevernmidlar, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel.
  • Slå arealet etter at dei viktigaste blomane har avblomstra, normalt i juli – august. Er sonene tresatt må det nyttast ljå, ryddesag og liknande.
  • La plantematerialet ligge i 2 – 4 dagar etter slått, men fjern det frå arealet etterpå.
  • La gjerne området bli beita om hausten.
  • Det er viktig å ta vare på treslag som er gode matkjelder; lind, selje, rogn, hegg m.fl
  • Framande artar må fjernast.
  • Dersom det blir brukt frøblandingar, må dei ikkje innehalde framande artar med stor spreiingsfare.  

Søknadsfrist

Bøndene kan søkje regionalt miljøtilskot frå 1. august, og søknadsfristen er 15. oktober. Søkjarane må merke av på kart kvar dei har sona. Dei kan anten søkje digitalt via Altinn, eller levere papirsøknad til landbrukskontoret i sin kommune. Sidan tilskotet til pollinerande insekt er nytt frå 2019, så ønskjer vi å få oversikt over kven som vil søkje. Vi anbefaler difor alle om å melde i frå til sin kommune.  

Regionalt miljøprogram, RMP

Regionale miljøprogram gir oversikt over kva tilskotsordningar bøndene kan søke på i sitt fylke. Programmet er nyleg revidert, og nytt frå 2019 er mellom anna tilskot til soner for pollinerande insekt. Revidert RMP vil om kort tid bli publisert på våre heimesider. Det vil berre kome små justeringar samanlikna med høyringsutkastet som du finn vedlagt.

Tilskot til trua naturtypar og artar

Medan regionalt miljøtilskot er øyremerka bønder som driv aktivt jordbruk, så kan grunneigarar, privatpersoner, organisasjonar m.fl. søkje Miljødirektoratet om tilskot til skjøtsel av trua naturtypar og artar. Her er etablering av leveområde for ville pollinerande insekt eit av mange tiltak som kan få støtte. Meir informasjon finn du på heimesida til Miljødirektoratet