Regionalt miljøtilskot

Alle landbruksføretak kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. I Rogaland kan dei søke frå 1. august til 15. oktober. 

21.06.2019

Søknadsmateriell for regionalt miljøtilskot i 2019

I 2019 er det 40,1 millionar kroner til regionale miljøtilskot i Rogaland. Frå 1. august kan bøndene i fylket søke tilskot til mellom anna skjøtsel av kystlynghei, turstiar i jordbruksområde og miljøvenleg gjødselspreiing.

15.03.2019

Regionalt miljøprogram 2019–2022

Regionalt miljøprogram gir oversikt over kva slags regionale miljøtilskot bøndene i Rogaland kan søkje på. No er programmet for 2019–2022 klart. Målet er at miljøtilskotet skal bidra til å løyse miljøutfordringane i Rogaland på mellom anna tap av biologisk mangfald, forureining og klimagassutslepp.  

12.03.2019

Regionalt miljøtilskot til pollinerande insekt

Frå og med 2019 kan bønder som legg til rette for pollinerande insekt få inntil 5000 kr i regionalt miljøtilskot. Dei må anten så i eigna frøblandingar på dyrka mark, eller skjøtte areal som har ei blanding av plantar som gir næring for pollinatorane gjennom vekstsesongen.

25.01.2019

Lysark frå høyringsmøte om Regionalt miljøprogram i Rogaland

Høyringsmøtet om nytt Regionalt miljøprogram for Rogaland 2019 – 2022 hadde om lag 30 deltakarar. Her finn du lysarka som blei brukt i møtet.

14.01.2019

Høyring av Regionalt miljøprogram i Rogaland 2019 – 2022

Regionalt miljøprogram, RMP gir oversikt over kva slags regionale miljøtilskot bøndene kan søkje på i Rogaland. Ny programperiode er 2019 – 2022, og frist for å kome med uttale er 18. februar.  

02.11.2018

15. november er frist for å søke tilskot til drift av beitelag

Beitelaga i Rogaland får 20 kr i tilskot for kvart heimsanka dyr, og no nærmar søknadsfristen 15. november seg raskt.

18.10.2018

Fristen for regionalt miljøtilskot er forlenga til 29. oktober

Det betyr at dei som framleis ikkje har søkt får ein ny sjanse. Fristen for søknad om produksjonstilskot blei endra til 29. oktober, og for å unngå forvirring har vi endra fristen for regionalt miljøtilskot. 

01.10.2018

15. oktober er frist for å søke regionalt miljøtilskot

Planar om å søke tilskot til skjøtsel av bratt areal, kystlynghei, vedlikehald av turstiar eller til miljøvenleg gjødselspreiing? Vi oppmodar alle som vil søke regionalt miljøtilskot om å snarast mogleg levere søknaden. Anten elektronisk eller på papir til landbruksforvaltninga i kommunen. Søknadsfristen er 15. oktober. Gløymer du å levere søknaden, eller vil gjere endringar i søknaden etter frist, så kostar det 1000 kroner per kvardag.

13.09.2018

Vil svekke satsinga på bratt areal med over 8 millionar kroner

Forslag om ny instruks for regionalt miljøtilskot gir store konsekvensar i Rogaland. Partane i jordbruksoppgjeret 2018 var samde om å styrke satsinga på bratt areal, samstundes foreslår Landbruksdirektoratet å ta bort tilskot til bratte innmarksbeite. Endringa utgjer om lag 8,4 millionar kroner i året for bøndene i Rogaland.

09.07.2018

Søknadsmateriell for regionalt miljøtilskot i 2018

Søknadsmateriellet for Regionalt miljøprogram 2018 er klart. Frå 1. august kan landbruksføretak i Rogaland søkje tilskot til miljøtiltak på si driftseining.

Flere nyheter