15. oktober er frist for å søke regionalt miljøtilskot

Planar om å søke tilskot til skjøtsel av bratt areal, kystlynghei, vedlikehald av turstiar eller til miljøvenleg gjødselspreiing? Vi oppmodar alle som vil søke regionalt miljøtilskot om å snarast mogleg levere søknaden. Anten elektronisk eller på papir til landbruksforvaltninga i kommunen. Søknadsfristen er 15. oktober. Gløymer du å levere søknaden, eller vil gjere endringar i søknaden etter frist, så kostar det 1000 kroner per kvardag.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.10.2018

Det kan difor vere lurt å vere ute i god tid med å levere inn søknaden. Per i dag er det berre i underkant av 300 føretak som har levert, noko som betyr at over 1600 føretak står att.

Det er viktig at du set deg inn i vilkåra for dei ulike miljøtilskota. Det gjer du lettast ved å lese Regionalt miljøprogram for Rogaland 2018. Kontakt landbruksforvaltninga i din kommune dersom du har spørsmål til søknaden.

Vi anbefaler alle om å sjekke kvitteringa etter at søknaden er levert elektronisk. Her står det kva du har søkt på. Kommunane vil fram til nyttår behandle søknadane om tilskot, og utbetalinga kjem kring 14. mars 2019.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.