Nye tilsette på Landbruksavdelinga

Fra venstre: Aurora, Margit og Maren.

Det har kome nye kjekke medarbeidarar på landbruksavdelinga i løpet av sommaren. Maren Kjelsnes, Aurora Skimmeland og Margit Reiersen skal ha ulike oppgåver hjå oss. Aurora og Margit har vore på embetet tidlegare.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.08.2022

Margit har kome tilbake til Landbruksavdelinga for å jobbe som rådgivar innan landbruk og miljø. Ho er lektor med biologi, og har mange år med fjøsstøvlar på som avløysar. Margit skal jobbe med miljøutfordringane i landbruket, med spesielt fokus på regionalt miljøprogram. I tillegg blir ho prosjektleiar for prosjekt Hålandsvatnet. Margit gler seg til å jobbe med dei flotte bøndene i vårt fylke.

Maren er tilsett i eit vikariat. Ho er jurist og kjem til oss frå Politiet si felles eining for utlending og forvaltning. Ho var nyutdanna i 2021 med bachelor i jus frå USN og mastergrad i jus frå Universitetet i Århus. Sentrale arbeidsoppgåver på Landbruksavdelinga vil vere dispensasjonar frå plan- og bygningslova og plansaker, samt saker etter jord- og konsesjonslova. Ho vil og bidra med juridisk bistand på andre arbeidsområde på avdelinga, spesielt innan forvaltning av tilskot.

Aurora skal jobbe med alle slags saker etter plan- og bygningslova, som dispensasjonar, reguleringsplanar, regional og kommunal planlegging og saker etter jord- og konsesjonslova. Ho er utdanna jurist frå UiO og har tidlegare jobba på samfunnsavdelinga hjå Statsforvaltaren i Rogaland. No kjem ho frå ei stilling på byggesaksavdelinga i Sandnes kommune. Oversikt over dei kommunane Aurora har særleg ansvar for finn du her.

Me er glade for å ha desse trivelege og dyktige damene på plass på avdelinga!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.