Nye Jæren kommune kan bli Noregs største jordbrukskommune

Jordbrukskommunane Klepp, Time og Hå er i god dialog om å danne nye Jæren kommune. 21. januar blei det signert intensjonsavtale som skal vere grunnlag for folkeavrøysting i april. Dersom folket seier ja vil vi få Noregs desidert største jordbrukskommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.02.2016

Landets største jordbrukskommune

Jæren kommune vil bli på 564 km2, og om lag 50 % av totalarealet vil vere jordbruksareal i aktiv drift. Få vil kunne konkurrere med denne kommunen når det kjem til omfanget av husdyrhaldet. Kommunen vil, dersom vi tek utgangspunkt i tal frå 2015, ha 480 bruk med mjølkeproduksjon. Samla mjølkekvote vil vere på om lag 140 mill. liter, og Jæren kommune vil med det ha om lag 8 % av mjølkeproduksjonen i landet. Kommunen vil også vere landets største på andre husdyrslag, og då særleg på svinehald. Over 200 000 slaktegris vil utgjere over 13 % av volumet i landet.

Jordvern

Jordvern er eit sentralt tema i arbeidet med nye Jæren kommune. Klepp, Tima og Hå er vekstområde, der det over tid har vore bygd ned for mykje god jordbruksjord. Det er nå kartfesta langsiktige grenser rundt dei ulike sentera i dei tre kommunane, og det kjem fram av intensjonsavtalen at grensene skal ligge fast i eit langsiktig perspektiv. Det er også lagt vekt på at ein større kommune vil gi betre høve til å styre utbygging mot område med mindre konflikt med jordvernet.

Landbrukskompetanse

Kompetanse og kapasitet tema som kommunane skal vurdere i arbeidet med reforma. Fylkesmannen registrerar at fleire kommunar i fylket har utfordringar på landbruksområdet, og det er etablert ein del interkommunalt samarbeid om oppgåvene. Ein Jæren kommune vil kunne ha ressursar til å bygge eit godt og breitt fagmiljø på landbruk, noko som kan gi betre høve til å utvikle næringa på ein god måte.

Meir informasjon om kommunereforma i Rogaland finn du  her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner