Kommunereforma

Regjeringa ønskjer eit sterkt lokaldemokrati, som gir folk og lokalsamfunn fridom og høve til å styre sin eigen kvardag og samfunnsutvikling. Reforma gir færre kommunar, og frå 2020 vil det vere 356 kommunar i Noreg. 

Færre og større kommunar skal gi betre kapasitet til å ivareta og vidareutvikle lovpålagde oppgåver, gi betre høve til å utvikle berekraftige og gode lokalsamfunn, og dessutan ivareta viktige frivillige oppgåver. Som eit generelt prinsipp skal reforma leggje grunnlaget for at alle kommunar kan løyse dei lovpålagde oppgåvene sine sjølve.

Regjeringa har desse måla for reforma:

  • Gode og likeverdige tenester til innbyggarane
  • Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling
  • Berekraftige og økonomisk robuste kommunar
  • Styrkt lokaldemokrati

Proposisjon om ny kommunestruktur vart vedteken av Stortinget 8. juni 2017.

Vis meir


04.03.2019

Kommunestruktur: Samarbeidsavtale med NORCE

Fylkesmannen i Rogaland og forskingsinstituttet NORCE har skrive under ein samarbeidsavtale om arbeid med kommunestrukturspørsmål. Første del av prosjektet er å gjennomføra ei brei undersøking i kommunane.

27.02.2019

Departementet stoppar nye grensejusteringar inntil vidare

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber om at det ikkje blir vedtatt nye grensejusteringar i norske kommunar nå. Årsaka er at dei alt vedtatte justeringane frå 1. januar 2020 er arbeidskrevande å få på plass. 

15.02.2019

Kommunestruktur: Nytt verktøy og ny rettleiar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har nå oppdatert rettleiingsmateriellet knytt til vurdering av kommunestruktur. Dette er meint som ein kunnskapsbase for lokale diskusjonar.

13.02.2019

Kommunane løyser oppgåver gjennom samarbeid

NIVI Analyse har på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet kartlagt korleis kommunale oppgåver blir løyste i Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal. Mange kommunar løyser oppgåvene i lag. 

05.02.2019

Forsand: Fylkesmannen avslår søknad om ny grensejustering

Innbyggarinitiativet frå Forsand om å tilbakeføra delar av det grensejusterte området på nordsida av Lysefjorden frå Strand til Forsand, blir avvist av Fylkesmannen i Rogaland.

12.12.2018

Kommunereform: Nytt oppdrag til Fylkesmannen

Regjeringa har lagt til grunn at det framleis er behov for endring i kommunestrukturen, og Fylkesmannen skal også nå ha ei sentral rolle.

10.12.2018

Ombo skal tilhøyra Finnøy kommune

Øya er i dag delt mellom Finnøy og Hjelmeland. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedtatt at grensa skal justerast slik at heile øya Ombo skal tilhøyra Finnøy kommune. 

10.12.2018

Preikestolen blir overført til Strand kommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedtatt at grensa mellom kommunane Forsand og Strand skal justerast slik at områda nord for Lysefjorden skal tilhøyra Strand kommune.

30.06.2017

KOMMUNEREFORMA: Kompensasjon til dei som blir ufrivillig åleine

Eigersund, Time, Gjesdal, Strand og Tysvær får om lag 10 millionar kroner totalt i kompensasjon. 

23.06.2017

Invitasjon til felles kommunestyremøte for Forsand og Sandnes

I samband med at Stortinget har vedtatt at Forsand og Sandnes skal bli ein kommune, blir det kalla inn til felles kommunestyremøte.

Fleire nyhende