Fylkesmannens tilsyn med forureining

Fylkesmannen fører tilsyn med at verksemder følgjer krava i forureiningslova med forskrifter.  Vi kontrollerer utslepp til luft, vatn og grunn og handtering av avfall og kjemikal. Vi kontrollerer ved å gå gjennom dokumentasjon og snakke med tilsette. I tillegg sjekker vi ute på anlegget at det vi har fått vite i dokument og intervju stemmer med det vi ser.

Tilsynsaksjonar

Mange av tilsyna inngår i aksjonar, enten landsdekkjande eller regionale. Aksjonane vert gjennomførte i samarbeid med Miljødirektoratet.

Tilsyn der risikoen er størst

Vi kontrollerar der det er mest truleg at det er brot på regelverket, og der dette har størst verknad på miljøet. Tema i dei fleste tilsyna er prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, forureining og internkontroll.

Oppfølging etter tilsyn

Vi følgjer opp alle tilsyna der vi har avdekka brot på regelverket. Vi gir ein tidsfrist for å rette opp avvika. Ved manglande tilbakemelding vert det varsla tvangsmulkt. I tillegg kan vi følgje opp med strengare reaksjonar ved alvorlege brot.

Informasjon

Lengre ned på denne sida finn du informasjon om tilsynsaksjonar. Du kan finne meir informasjon om landsdekkjande aksjonar hos Miljødirektoratet. Rapportar etter tilsyn ved verksemder med utsleppslyve vert lagt ut på nettstaden Norske utslipp.


06.09.2017

Fylkesmannen fører tilsyn med oppdrettsanlegg

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har så langt i 2016 og 2017 kontrollert 37 oppdrettsanlegg fordelt på 8 ulike oppdrettsselskap. Hensikten med kontrollane er å sjå til at krav i forureiningslova med tilhøyrande forskrifter og løyve blir etterlevd. Fylkesmannen nyttar óg kontrollane til å informere om miljørisiko knytta til drift av oppdrettsanlegg. 

09.06.2017

Tilsynsaksjon for plastvareprodusentar

Miljødirektoratet og fylkesmennene gjennomførte vinteren 2016/2017 ein tilsynsaksjon retta mot plastvareprodusentar. Aksjonen hadde som formål å: kontrollere etterleving av regelverket innan bransjen. auke verksemdenes kunnskap om lovverket, og konsekvensane for miljøet få ei god oversikt over bransjen

04.05.2017

Mange hamner i fylket manglar avfallsplan

Fylkesmannen i Møre og Romsdal etterlyser avfallsplanar frå mange hamner i fylket som framleis ikkje har levert. Miljødirektoratet saman med fylkesmennene sett no i verk ein aksjon for å sørgje for at hamner som framleis ikkje har godkjend avfallsplan, får fortgang i arbeidet og følgjer regelverk. Viss du treng hjelp til å kome i gang med arbeidet så finn du lenker til meir informasjon og hjelp på denne sida.  

06.12.2015

Dårleg miljøleiing hos biloppsamlarar

Resultata frå den landsomfattande kontrollen av biloppsamlingsplassane viser for mange brot på miljøregelverket. Det mest alvorlege er den manglande handteringa av farleg avfall. Klikk her for å lese meir på Miljødirektoratet sine sider.

16.10.2015

Fylkesmannen reagerer etter tilsyn ved Bingsa næring

Ved eit uvarsla tilsyn av Bingsa Næring si nystarta behandling av tre typar av farleg avfall, fann Fylkesmannen i Møre og Romsdal at drifta ikkje er i samsvar med dei vilkåra som er sett i løyvet etter forureiningslova.

06.10.2015

Kontroll av mudring og dumping av massar i sjø

Mudring, dumping og utfylling av massar i sjø og vassdrag kan påverke miljøet. Miljøforvaltninga kontrollerer i haust slike anleggsarbeid i 12 fylke. Møre og Romsdal er blant desse.

06.09.2015

Tilsynsaksjon mot vaskeri- og reinseribransjen

Fylkesmannen i Møre og Romsdal deltek i september 2015 i ein landsomfattande tilsynsaksjon retta mot vaskeri og reinseri. Aksjonen er i samarbeid med andre fylkesmenn og Miljødirektoratet, og i Møre og Romsdal planleggjast det å besøke rundt 15 verksemder.

06.06.2015

Fylkesmannen på forureiningstilsyn hos skipsverft

Miljødirektoratet og Fylkesmennene har sidan hausten 2014 hatt ein tilsynsaksjon for skipsverfta. Aksjonen retta seg mot forureining frå skipsverfta, og då særleg oppsamling av avverka materiale, utslipp til vatn, luft og støy. I Møre og Romsdal har 16 større skipsverft fått besøk sidan aksjonen starta, og fleire vil bli kontrollert i 2015.