Rettleiing for bransjar og aktivitetar

På denne sida finn du artiklar og temasider med informasjon frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal om ulike bransjar og aktivitetar innanfor forureining og avfall. Artiklane er sortert alfabetisk.

Informasjon og rettleiing som ikkje er knytt til verksemder, bransjer eller aktivitetar finn du på sida "Andre tema".


16.06.2017

Fiskeforedlingsbedrifter

Dette er ei informasjonsside for føretak som foredlar fisk og fell inn under kap. 26 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til denne forskrifta. Det er Fylkesmannen som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen.


16.06.2017

Forbrenningsanlegg med reine brensel

Dette er ei informasjonsside for verksemder med forbrenningsanlegg med reine brensel som fell inn under kap. 27 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til det aktuelle kapittelet i forskrifta. Det er Fylkesmannen som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen.


22.06.2017

Hamner og avfallsplaner - informasjonside

Forsøpling av hava våre er ei stor miljøutfordring og god avfallshandtering i skips- og båthamner er viktig for å redusere omfanget av problemet. Miljømyndigheitene jobbar med å sikre at alle hamner har ein god plan for korleis dei handterer avfall.

På desse sidene finn du lenker til meir informasjon om arbeidet nasjonalt og dei oppgåvene som havneansvarlege, kystkommunar, Fylkesmannen og Miljødirektoratet har. Vi vil og dele stoff som kan vere til hjelp i utarbeidinga av planane spesielt i Møre og Romsdal.

 


08.08.2017

Krematorium

Utslepp frå krematorium er regulerte gjennom kapittel 10 i forureiningsforskrifta. Der er det krav som gjeld utslepp til luft og vatn i tillegg til krav som gjeld forbrenningsteknikk og tilhøve i skorsteinen. Det er også krav om at resultat frå målingar av utslepp skal rapporterast til forureiningsmyndigheita.


12.06.2017

Mellombels anleggsarbeid

Mellombels anleggsarbeid treng som oftast ikkje løyve frå Fylkesmannen, men som utbyggar eller tiltakshavar har du ansvar for å sikre at sjø og vassdrag ikkje blir skadelidande av ditt anleggsarbeid. På denne sida finn du informasjon om korleis du sikrar at det blir tatt omsyn til miljøet i store og små utbyggingsprosjekt.


12.06.2017

Mudring, dumping og utfylling

Mudring, dumping og utfylling er typar av eingongstiltak som alltid vil kunne påverke det akvatiske miljøet. Påverknaden vil avhenge av massanes natur og eventuelle forureiningsgrad, og av tiltakets storleik, lokalitet og tidsperiode. Ofte vil slike tiltak medføre ein betydeleg risiko for at forureina sediment virvlast opp og spreiast. 


06.09.2017

Produksjon av pukk, grus, sand og singel

Dette er ei informasjonsside for føretak som driv produksjon av pukk, grus, sand og singel og fell inn under kap. 30 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til denne forskrifta. Det er Fylkesmannen som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen.


12.06.2017

Skipsverft og mekanisk overflatebehandling av metallkonstruksjonar

Dette er ei informasjonsside for føretak som driv «mekanisk overflatebehandling og vedlikehold av metallkonstruksjoner» og fell inn under kap. 29 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til denne forskrifta. Det er Fylkesmannen som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen.