Postjournal

Alle kan krevje innsyn i brev og dokument frå det offentlege. Retten til innsyn og krav til publisering av postjournalar er heimla i fleire lover og forskrifter. Ein postjournal er enkelt forklart eit register over all arkivført post og korrespondanse inn og ut frå offentlege verksemder.

eInnsyn

er ei felles publiseringsteneste som Fylkesmannen og fleire andre offentlege etatar brukar til å publisere postjournalane våre på internett. Postjournalane blir samla i ein felles database, og innhaldet i denne blir gjort søkbart for omverda. I eInnsyn kan du søkje opp og lese fulltekstdokument. Du kan også be om innsyn i offentlege dokument som ikkje er publiserte. Når du ber om innsyn i eit dokument som ikkje er publisert i fulltekst, blir bestillinga send til det fylkesmannsembetet som er ansvarleg for journaloppføringa. Du får svar direkte frå Fylkesmannen.

eInnsyn kan brukast anonymt. Alt du treng er ei e-postadresse som dokumenta skal sendast til. Du kan også be om innsyn på andre måtar enn gjennom eInnsyn. Du kan fremje eit innsynskrav både skriftleg og munnleg.

Personvern

Fylkesmannen har ansvar for at teiepliktige opplysningar ikkje blir offentleggjort. Personnamn skal ikkje vere søkbare etter å ha vore publiserte i eInnsyn i meir enn 12 månader. Det betyr at dersom du søkjer på personnamn i eInnsyn, vil du berre få treff dei første 12 månadene etter publiseringsdato for oppføringar som inneheld namnet du søkjer på.