Jordvern

Oppdatert 08.04.2024

Vi treng dyrka og dyrkbar jord for å sikre matforsyning på lang sikt. Derfor bør vi i størst mogleg grad unngå å byggje vegar, bustader og industribygg på dyrka mark. Jordvern inneber å sikre at den beste jorda framleis blir brukt til å dyrke mat og ikkje omdisponert til andre formål.

Presset på matjordareal varier frå fylke til fylke

Utfordringane på dette området varierer mykje frå region til region, med overskot av areal, attgroing og dårleg vedlikehald i enkelte område, og underskot, nedbygging, mangel på areal å spreie husdyrgjødsel på og høge leigeprisar i andre område.

Dei delane av landet med byar og tettstader som veks mest, har også dei mest produktive jordbruksområda. Dei siste 50 åra er det omdisponert meir enn ein million dekar jordbruksareal til andre formål. I arealplanlegginga må utbyggingsbehov, transportsystem, grønstruktur, friluftsinteresser, biologisk mangfald og kulturminnevern vurderast samla.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 03.07.2013

Ny kollektivbru på Forus endeleg opna

Fylkesmannen ser svært positivt på at ny kollektivbru over E39 på Forus no er opna. Brua er mellom anna eit resultat av Fylkesmannen si motsegn til reguleringsplan for Forus Næringspark i 2003.


Publisert 03.04.2013

Får ikkje plante juletre på matjord på Karmøy

Statens landbruksforvaltning har i brev av 22.03.2013 stadfesta Fylkesmannen sitt overprøvingsvedtak, fordi det er vurdert til å vere i strid med jordlova å plante juletre på dyrka jord. Saka gjeld omdisponering av 50 dekar jordbruksareal til juletreproduksjon i Karmøy kommune.


Publisert 20.03.2013

Kompakt, kollektivbasert og urban byutvikling må ha prioritet i ”Bybandet sør byen”

Fylkesmannen støttar hovudgrepa i den interkommunale kommunedelplanen for Bybandet sør, men etterlyser heilskap som sikrar ei kompakt, urban og kollektivprioritert bymessig utbygging.


Publisert 18.03.2013

Rogaland treng delingsforbodet i jordlova

Regjeringa sitt høyringsforslag om oppheving av delingsforbodet i jordlova treff ikkje utfordringane til landbruket i Rogaland. Lovforslaget kan undergrave nasjonale jordverninteresser i vårt fylket.


Publisert 25.10.2012

Omkøyringsveg Åkra vart ikkje godkjent

Miljøverndepartementet godkjenner ikkje kommunedelplan for omkøyringsveg rundt Åkra på Karmøy. Departementet meiner at føreslått vegalternativ vil få store negative følgjer for nasjonalt og regionalt naturmangfald, jordbruk, friluftsliv og landskap. Motsegna frå Fylkesmannen til planen vart dermed tatt til følgje.


Publisert 06.09.2012

Høg arealutnytting og kollektivtilbod skal sikre bustadproduksjon i byregionane

Kommunane skal i si arealplanlegging ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål. Eit viktig mål er å sikre tilstrekkelig bustadbygging. Dette skriv miljøvernminister Bård Vegar Solhjell i brev til Fylkesmennene 31.08.12.


Publisert 30.07.2012

Rogaland omdisponerer mest matjord

Rogaland er framleis det fylket i landet som omdisponerer mest dyrka jord. Omfanget av omdisponert jordbruksareal i Rogaland har gått ned dei siste åra, men det ligg likevel på eit høgare nivå enn for 7 år sidan.


Publisert 20.07.2012

Ta kampen mot ugraset

Har ein mykje ugras i enga eller på beite får ein mindre avling. Ugraset kan og bli ei belastning for naboane dersom det spreier seg. Dersom ugraset blir eit stor problem kan ein få reduksjon i produksjonstilskotet.


Publisert 12.07.2012

Sjekk åkeren for floghavre

Det er no tid for å sjekke åkeren for floghavre. Han er som oftast lett å få auge på då han rager høg og spinkel over dei andre kornplantane. Utbreiinga i Rogaland er hovudsakleg konsentrert rundt Stavanger, Sola og Randaberg.


Publisert 09.07.2012

Landbruksvikarordninga dekkjer heile fylket

I Rogaland blir det gitt støtte til om lag 22 årsverk innafor denne ordninga. Tilskotet skal medverke til at føretak med husdyr- og planteproduksjon får tilgang på kvalifisert hjelp til avløysing under sjukdom og i krisesituasjonar.