Kompakt, kollektivbasert og urban byutvikling må ha prioritet i ”Bybandet sør byen”

Fylkesmannen støttar hovudgrepa i den interkommunale kommunedelplanen for Bybandet sør, men etterlyser heilskap som sikrar ei kompakt, urban og kollektivprioritert bymessig utbygging.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2013

Fylkesmannen fremjar motsegn til planen på ein del enkeltområde og tema slik den no ligg føre mellom anna fordi planen manglar ei tilstrekkeleg vurdering etter naturmangfaldlova.

Fylkesmannen inviterer til tett dialog om planinnhaldet med sikte på ei løysing som gir grunnlag for lokal godkjenning av planen.

Oppsummering

  • Fylkesmannen støttar hovudgrepa i den interkommunale kommunedelplanen for Bybandet sør, men etterlyser ein heilskap som sikrar ei kompakt, urban og kollektivprioritert bymessig utbygging.
  • Fylkesmannen fremjar motsegn til planen ut frå manglande vurdering etter naturmangfaldlova. Det må gjennomførast ei heilskapleg utgreiing og vurdering etter §§ 8-12 i naturmangfaldlova.
  • Fylkesmannen inviterer til ein tett dialog om planinnhaldet med sikte på ei løysing som gir grunnlag for lokal godkjenning av planen.
  • 

Motsegner til enkeltområde og tema

  • Manglande krav til høg nok arealutnytting som sikrar ei urban byutvikling og kundegrunnlag for eit høgverdig kollektivtilbod.
  • Manglande vedtak som sikrar prioritert utbygging av eit høgverdig kollektivtilbod. Eigne kollektivfelt må vere på plass før utbygging av nye byggjeområde.
  • Manglande langsiktig grense mellom den nye "byen" og LNF-områda i aust.
  • Bustadområdet TB 12, sør mot Fjermestadvegen, må takast ut slik at dette området får ein varig og naturleg grense mellom byggjeområde og LNF-område.
  • Ut frå omsynet til regional overordna grøntstruktur og manglande utgreiing etter Naturmangfaldlova, har vi motsegn til næringsområdet TN1.
  • Som i kommuneplanen, har vi krav til meir detaljert ROS-analyse for SB1 og SB2 ved Stokkaland. Med bakgrunn i ein slik ROS-analyse, vil vi ha eit nødvendig og betre vedtaksgrunnlag for å vurdere framtidig arealbruk for området på nytt.


Faglege råd til enkeltområde og tema

  • Bybandet sør bør ha ein planperiode fram til år 2050. I vurdering av planperiode må ein leggje inn ei arealoversikt med omfang av både nye foreslåtte byggjeområde og godkjende byggjeområde som ikkje er utbygd. Dette gjeld særleg omfang av bustadområde.
  • Utviding  av omsynssonen austover i delområde B for ny omkøyringsveg fylkesveg 505.
  • Njåfjell blir vist med omsynsssone på kartet som framtidig område for langsiktig byutvikling.
  • Bustadområda TB12 og TB 13 på Lye (nemning i prinsipplanen) blir lagt inn i planen.

 

Les heile uttalen, sjå under "Relaterte dokument" oppe til hogre på denne sida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.