Høg arealutnytting og kollektivtilbod skal sikre bustadproduksjon i byregionane

Kommunane skal i si arealplanlegging ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål. Eit viktig mål er å sikre tilstrekkelig bustadbygging. Dette skriv miljøvernminister Bård Vegar Solhjell i brev til Fylkesmennene 31.08.12.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.09.2012

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell ønskjer at Fylkesmennene har særleg merksemd på dette i sin medverknad i planlegginga. Dette er særleg aktuelt i dei største byregionane. Om nødvendig har Fylkesmannen høve til å fremje motsegn.

Miljøverndepartementet skriv vidare:

  • "Fylkesmannen bør påse at kommunene i sin samfunnsdel av kommuneplanen lager et arealregnskap som avklarer arealreserver og arealbehov til blant annet boliger."
  • "Fylkesmannen bør også, i samarbeid med fylkeskommunen, påse at eventuelle regionale planer for arealbruken følges opp."
  • "Fylkesmannen i sin vurdering av arealplaner skal legge vekt på at det blir klare grenser mellom bebygde områder og landbruks-, natur- og friluftsområder."
  • "Det skal legges vekt på økt konsentrasjon av utbyggingen i byggesonene i by- og tettstedsområder."
  • "Innenfor gangavstand fra stasjoner/knutepunkter på hovedårene for kollektivtrafikknettet, kan utbyggingshensyn tillegges større vekt enn vern, under forutsetning av at det planlegges en konsentrert utbygging og at det tas hensyn til kulturmiljøer og grønnstruktur."
  • "Fylkesmannen kan fremme innsigelse til kommunale planer der lav arealutnyttelse innebærer for få boliger eller et utbyggingsmønster som ikke er i tråd med nasjonale retningslinjer."

Fylkesmannen i Rogaland si vurdering er at dette er ei tydeleggjering av eksisterande nasjonale mål og interesser. Vidare er det ei stadfesting av at bustadproduksjonen er særleg avhengig av at kollektivutbygging og eit godt kollektivtilbod blir prioritert i by- og tettstad.

Brevet er også ei stadfesting på at godt samarbeid mellom kommunar og oppfølging av regionale planer, som Regionalplan Jæren (fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren), er avgjerande. Og at vedtekne utbyggingsmønster, langsiktige utviklingsretningar for by- og tettstadveksten og langsiktig grense landbruk må liggje fast for å gi ein føreseieleg arealbruk.

Regionalplan for Jæren er no på høyring, og Fylkesmannen vil leggje til grunn bodskapen frå miljøvernministeren i sin uttale til planen. Høyring av gjeldande Regionalplan for Jæren gjeld desse tema:

  • Godt leve- og oppvekstmiljø og effektiv arealbruk
  • Vern av ikkje-fornybare arealressurser (LNF-område og grøntstruktur)
  • Samordna areal- og transportplanlegging
  • Styrking av by- og tettstad sentra

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.