Rogaland omdisponerer mest matjord

Rogaland er framleis det fylket i landet som omdisponerer mest dyrka jord. Omfanget av omdisponert jordbruksareal i Rogaland har gått ned dei siste åra, men det ligg likevel på eit høgare nivå enn for 7 år sidan.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.07.2012

I Rogaland blei det omdisponert 957 dekar dyrka jord i 2011, og i landet samla sett blei det omdisponert totalt 6 648 dekar. Dette viser dei ferskaste tala presentert av Statistisk sentralbyrå basert på KOSTRA-registreringane i kommunane. KOSTRA er eit system for rapportering frå kommunane til staten (KOmmune STat RApportering). På nasjonalt nivå er det formulert eit konkret mål om å avgrense omdisponering av jordbruksjord til under 6 000 dekar dyrka mark per år jf. Meld. St. 9 (2011-2012) om Landbruks- og matpolitikken.

Store årlege variasjonar i omdisponering
Diagram 1 viser at det var ein auke i omdisponering av dyrka jord i Rogaland i perioden mellom 2005 og 2009, medan det var ein nedgang frå 2009 til 2011. På landsbasis er det ein liknande trend.

Dersom vi også ser på dyrkbart areal, ser utviklinga noko annleis ut. Då viser tala at det totale arealet som blei omdisponert til andre føremål enn landbruk gjekk ned i både Rogaland og i Noreg totalt i perioden 2005 til 2011. Dyrkbart areal er areal som i dag ikkje er dyrka, men som ved oppdyrking kan setjast i ein slik stand at det kan nyttast til plantedyrking.

Omdisponert areal i Rogaland og Noreg

Diagram 1: Kjelde SSB, tal frå KOSTRA 

Regionvise variasjonar
Ser vi nærare på omdisponering av dyrka jord i Rogaland, så viser det store variasjonar mellom regionane. Det er mest areal som er omdisponert på Jæren med eit snitt på 1003 dekar dyrka jord per år i perioden 2005 til 2011. I Ryfylke er det i snitt omdisponert 104 dekar per år, medan det i Dalane var omdisponert 82 dekar og på Haugalandet 110 dekar per år. I Rogaland totalt er det i gjennomsnitt omdisponert 1286 dekar per år i perioden 2005 til 2011.

Omdisponering per region i Rogaland

Diagram 2: Kjelde SSB, tal frå KOSTRA

Som diagram 2 viser, er det store variasjonar frå år til år når det gjeld omdisponering av dyrka jord innan dei ulike regionane. Det må her takast omsyn til at jorda blir registrert som omdisponert frå det tidspunkt ein reguleringsplan er godkjend. Det betyr ikkje nødvendigvis at arealet blir nytta til anna enn jordbruk med ein gong. Ofte kan det gå fleire år frå eit areal er omdisponert i plansamanheng til det reelt sett blir brukt til anna føremål.

Den dyrka jorda kan også ha store variasjonar når det gjeld jordkvalitet. Dette blir ikkje fanga opp i desse tala, men det har likevel stor betyding når ein skal ta stilling til kva slags effekt omdisponeringa har på jordbruksproduksjonen totalt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.