Sjekk åkeren for floghavre

Det er no tid for å sjekke åkeren for floghavre. Han er som oftast lett å få auge på då han rager høg og spinkel over dei andre kornplantane. Utbreiinga i Rogaland er hovudsakleg konsentrert rundt Stavanger, Sola og Randaberg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.07.2012

Floghavre er vurdert så farleg for norsk korndyrking at det er utarbeidd eiga "Forskrift for floghavre". Han konkurrerer med plantene om vatn, lys og næring. Mykje floghavre fører derfor til redusert avling. Dersom floghavre får formeire seg fritt, overtek han etter kvart heile åkeren. Gardbrukarar som har floghavre på areal som dei eig eller driv har plikt til å setja i gong med tiltak. Særleg med omsyn på at det er såkornproduksjon i området er det viktig at ugraset ikkje spreier seg. Utbreiinga i Rogaland er heldigvis liten og relativt konsentrert.

Kjenneteikn

Floghavren ragar oftast over resten av kornåkeren. Småaksa er samla i ein stor open topp med meir hengande sidegreiner enn vanleg havre. Korna hos floghavre har når dei er modne ein lang spiralsnodd og knebøygd snerp, i motsetning til dyrka havre som manglar snerp.

Floghavre Havre
Floghavre i havreåker
Foto: Anne Grethe Bø Cazon
Vanleg havre

Spreiingsvegar

Floghavre spreier seg berre med frø og desse frøa dryss lett når dei er modne. Frøa kan overleve opp til 10 år i åkerjord. Viktigaste spreiingsvegane er:

  • Såkorn; Floghavren kan ikkje reinsast frå såkornet
  • Fôrkorn som ikkje er finmale
  • Halm, julenek, avrens og mølleavfall
  • Jordarbeidingsreiskap med jord på
  • Transport av avling
  • Skurtreskar/halmpresse Husdyrgjødsel

Forskrift om floghavre

I følgje forskrifta pliktar eigar eller brukar av fast eigedom å kontrollere årleg kornåkeren for floghavre og likeins areal der det har vore korn dei siste 5 åra. Funn eller mistanke om funn skal meldast til kommunal landbruksforvalting, som igjen melder frå til Fylkesmannen si landbruksavdeling og Mattilsynet. Gardsbruk der det er funne floghavre vert registrert i eit floghavreregister.

Viktige pålegg i forskrifta er

  • Eigar eller brukar av eigedom der det er funne floghavre, pliktar å gjennomføre ei effektiv bekjemping, og skal særleg halde eit 20 m breitt belte mot naboeigedom, open kanal og bekk fri for floghavre
  • Frå eigedommar med floghavre er det forbode å levere korn/frø til firma/møller utan at dei brukar metodar som øydelegg spireevna til floghavrefrøa.
  • Det er og forbode å avhende lo, julenek, halm, frøavrens, husdyrgjødsel, jord og planter med jord. Det er tillate å avhende halm og frøhalm som er behandla slik at spirevna er øydelagt. Behandlinga må skje på eigedommen med floghavre.
  • Alle som skurtreskar/pressar halm på andre sin eigedom pliktar å ta kontakt med landbruksforvaltinga i kommunen for å få informasjon om floghavresituasjonen på desse bruka.

Førebyggjande tiltak mot floghavre

  • Bruk berre såkorn som er fritt for floghavre. Dersom du må kjøpe såkorn, bruk berre sertifisert såvare.
  • Reingjer grundig reiskap og maskinar som brukast felles med andre. Hugs også reingjering av transportutstyr.
  • Bruk ikkje halm frå andre utan at den er luta/ammoniakkbehandla. Dette gjeld og eigen halm dersom garden har floghavre.
  • Dekk til kornlass og ubehandla halm under transport. Botn og sidelemmar på lasteplanet skal vere tette.
  • Ver merksam på at frøa av floghavre kan passere fordøyelsessystemet til husdyra og framleis vere spiredyktige

Direkte ugraskamp

  • Floghavren må lukast før frødryssing. Gå systematisk gjennom åkeren 3 gonger mellom skyting og tresking.
  • Luk opp heile planta og legg ho direkte i ein tett papirsekk. Brenn sekken og innhaldet.
  • Dersom floghavre står på eit klart avgrensa område, kan det vere lurt å brakke dette. Floghavre som spirer i den brakka flekken må ein luka bort.
  • Enklaste måten å rydde ut floghavren på er å legge igjen til langvarig eng. Raigras og andre fôrvekstar som blir hausta før floghavren er moden er og effektivt for å halde floghavren borte.
  • I potet vil middel mot kveke også ta knekken på floghavre. Floghavre som står att etter radreinsing må ein luke bort og brenna.

Frierklæring

Når eigar eller brukar meiner å ha utrydda floghavren, kan han melde frå til landbruksforvaltinga i kommunen. Dersom det ved inspeksjon i dei to følgjande vekstsesongane ikkje blir funne floghavre, kan eigedommen erklærast fri for floghavre. Det må i kontrollåra dyrkast bygg eller vårkveite på skiftet der floghavren tidlegare vart funnen.

Tilsyn

Mattilsynet kan fatte vedtak i forhold til forskrift om floghavre. Tilsynsansvaret er delt mellom Mattilsynet, landbruksforvaltinga i kommunen og Fylkesmannens landbruksavdeling. Dersom ein har mistanke om floghavre, skal ein ta kontakt med ein av desse.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.