Samfunnstryggleik og nye trusselbilete

Vi inviterer til den nasjonale Samfunnssikkerhetskonferansen i Stavanger torsdag 9. januar 2014.

Vi tar utgangspunkt i debatten om organiseringa av beredskaps-Noreg. Forslaget til ny politireform har nettopp vore på høyring, og vi set søkelys på sentraliseringa sitt dilemma. Løyser omorganiseringar utfordringane knytt til samfunnstryggleik og beredskap? I tillegg ønskjer vi å fokusere på samfunnstryggleik i eit internasjonalt perspektiv. Korleis kan vi dra nytte av internasjonalt samarbeid og andre land sine erfaringar? Vårt siste hovudtema tar for seg risiko- og sårbarheitsanalyser (ROS). Er ROS-analysar svaret på alle spørsmål, og i kor stor grad er dei nyttige? Kva er tru og kva er kunnskap i samfunnstryggleiksarbeidet?

Forskar og nyleg avtroppande utanriksminister Espen Barth Eide, politidirektør Odd Reidar Humlegård, helsedirektør Bjørn Guldvog og generalmajor Erhard Buehler frå NATO JWC kjem. I tillegg deltar forskarar og andre sentrale aktørar innanfor samfunnstryggleik og beredskap.

Målet med konferansen er å få belyst aktuelle problemstillingar innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Konferansen skal i tillegg vere ein arena for nettverksbygging på tvers av fagmiljø og etatar.

Samfunnstryggleikskonferansen er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger, Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland politidistrikt og NATO JWC.

Fullstendig program og påmeldingsskjema blir lagt ut på konferansen si heimeside i månadsskiftet oktober/november. Vi set pris på om du sender invitasjonen vidare til andre i din organisasjon som kan ha interesser av å delta på konferansen.

Start arbeidsåret 2014 med fagleg påfyll! Sett av 9. januar til ein spennande start på året!

Helsing  Programkomiteen

Kontaktpersoner