Auka beredskap i Norge

Politiets sikkerhetsteneste PST har auka trugselbiletet i Norge. Fylkesmannen har vore i kontakt med politidistrikta i Rogaland og i Haugaland- og Sunnhordland. Vi har ingen spesifikk trugsel mot Rogaland.

Politiet har likevel auka beredskapen ved å auke nærværet rundt trafikknutepunkt og store folkemengder. Publikum vil merke at det er meir politi til stades enn vanleg, mellom anna på flyplassar, utanriksterminalen i Risavika  og generelt stader med mykje folk.

Det er ingen åtvaring mot å reise eller å delta på arrangement. Fylkesmannen følgjer situasjonen, og kjem med meir informasjon dersom situasjonen endrar seg.

Les meir og oppdatert informasjon frå styresmaktene på nettsidene www.kriseinfo.no.

Kontaktpersoner