Utfylling ved Helganes, Suldalsvatnet

Statens Vegvesen, Region Vest søkjer om løyve til utfylling ved Helganes i Suldal kommune. Høyringsfristen er 4 veker.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.06.2015

Fylkesmannen har mottatt søknad om løyve til utfylling ved Helganes i Suldal kommune.  I samband med NSN-prosjektet (kabel for kraftutveksling mellom Norge og England), har Statnett SF overskotsmassar som dei ynskjer å nytta til samfunnsmessige føremål. Ved bruk av massar frå sprengning av tunnel mellom Suldalsvatnet og Hylsfjorden, skal det etablerast ein rasteplass ved Riksveg 13. Eigen reguleringsplan for utfylling ved Helganes blei vedteken av kommunestyret i Suldal kommune i mars 2015.

Utan særskilte tiltak kan arbeidet medføre partikkelspreiing til vassdraget, noko som kan påverka naturmangfaldet, negativt. Det vil derfor vera viktig å hindra partikkelspreiing, spesielt i periodar når det er mest sannsynleg at fisk vandrar forbi.  Søkar har bl.a. planlagt å nytta to siltgardiner som avbøtande tiltak, samt å kontinuerleg overvake vatnkvaliteten utanfor siltgardina, samt ved Suldalsosen.

Frist for uttale er sett til 4 veker. Uttaler kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no

Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.