Søknad utslepp av spylevatn/slam frå vassledning til Håelva

IVAR IKS har søkt om løyve etter forureiningslova til utslepp av spylevatn med slam til Håelva ved Grødem i Time kommune på eigendomen gnr/bnr 64/2. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.07.2015

Spyling av vassleidninga er planlagt å skje i eit døgn kvart 5. år. Utsleppet er på ca 1 m3/s.  Tiltaket skal gjennomførast ved høg vassføring i elva (> 20 m3/s). Spylevatnet er ikkje planlagt reinsa før utslepp til Håelva. Spylevatnet vil innehalde noko slam frå røyrveggane.

Merknader til søknaden skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller per e-post til: fmropost@fylkesmannen.no innan 17.08.2015.

Sjå saksdokumenta i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.