Opphogging av oljeinstallasjonar til departementet

Fylkesmannen i Rogaland og Fiskeridirektoratet fremma motsegn til Vindafjord sin plan for industriell aktivitet i Vats- og Yrkesfjorden i Vindafjord. Meklinga førte ikkje til semje, dermed går saka til endeleg avgjerd hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.10.2014

På meklingsmøtet 9. mai 2014 hos fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, vart det ikkje oppnådd semje mellom stat og kommune om utforminga av reguleringsplan for industriell aktivitet i Vats- og Yrkesfjorden. Men partane vart einige om å sende eit felles brev om behovet for ei nasjonal, samordna føring for arbeidet med avfall frå oljeeventyret (vedlegg 1).

Fiskeridirektoratet og Fylkesmannen står ennå fast på sine motsegner til reguleringsplanen for industriell aktivitet ute i Vats- og Yrkjesfjorden. Fylkesmannen rår departementet til å vedta reguleringsplanen, men at det ikkje blir opna for opphogging av oljeinstallasjonar i sjø. Slikt arbeid i og nær viktige gyte- og oppvekstområde i Vats- og Yrkesfjorden, representerer ein forureiningsfare for fjordsystemet og kan få negative konsekvensar for økosystemet  og fiskeriressursane.

Fylkesmannen rår vidare til at planen kan opne for noko meir industriell aktivitet i sjø i hamneområdet i Vatsfjorden, med klare type- og volumavgrensingar.

Sjå saksdokumenta i lenkene til høgre.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.