Etterhandskunngjering av løyve til peling i sjø ved Melingsund moloen i Tananger

Fylkesmannen har gitt Stavangerregionen Havn IKS løyve til peling i sjø på eigedomen 3/1279 Melingsund moloen, Tananger i Sola kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.11.2017

Løyve gjeld nedsetting av totalt 38 pelar langs moloen mellom Tangen og Melingsholmen. Tiltakshavar planlegg å riva det eksisterande bryggeanlegget langs moloen. Det skal byggjast eit nytt liknande anlegg som vil fundamenterast på pelar. Ifølgje Temakart-Rogaland er det registrert enkelte større tareskogførekomstar med verdi A («svært viktig») i og nær tiltaksområdet, desse har likevel ein avgrensa storleik. Verdien av dei er sett ut frå det samla arealet av alle dei større tareskogførekomstane i Kolnes-Tananger, og dessutan overlapping med eit lokalt viktig gytefelt for torsk.

I løyve er det blant anna sett krav om siltgardin for å hindra partikkelspreiing.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå løyve og søknad i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.