Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

Du kan søkje tilskot for avløsning ved sjukdom og fødsel. Her finn du informasjon om kven som kan søkje tilskot, og korleis du skal søkje. 

Publisert 03.10.2023

Kven kan søkje og om kva kan ein søke?

Føretak som er registeret i Einingsregisteret og driv vanleg jordbruksproduksjon. Ordninga gjeld tilskot som skal dekke kostnadar til avløysing ved eigen sjukdom, sjukdom hos barn, svangerskap, fødsel, adopsjon eller omsorgsovertaking, og ved dødsfall.

Korleis søkje?

Søknaden fyllast ut og sendast inn igjennom Altinn, og det er kommunen som skal handsamna søknaden og fatte vedtak. Dersom du ikkje kan søkje digitalt, kan du søkje på papir ved å bruke skjemaet "Søknad om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.m." og sende det til kommunen.  Søknadsfristen er eitt år etter siste dag det vert søkt tilskot for. Kostnadane for avløysing må kunne dokumenterast. Avløyser kan ikkje ha næringsinntekt frå det føretaket som dei utførar avløysinga for, eller være ektefelle/sambuar med nokon som har næringsinntekt frå dette føretaket.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.