Tidleg pensjon til jordbrukere

Tilskot for tidlegpensjon i landbruket skal lette generasjonsskifte. Her finn du informasjon om vilkåra for å søkje tidleg pensjon i landbruket, og korleis du skal søkje. 

Publisert 03.10.2023

Vilkår for tidleg pensjon

Einbrukarpensjon gis til jordbrukarar som har fylt 62 år, og som har drive jordbruk i minst 15 år. Ein jordbrukar som har fylt 62 år kan saman med ein ektefelle/sambuar som har fylt 57 år få tobrukarpensjon. Referanseperioden for inntekta er satt til fem år, dette gjeld både næringsinntekt frå landbruksføretaket og annan inntekt frå tilleggsnæring til landbruket. Eigendommen må vere overdratt til ein ny eigar, og ny eigar kan ikkje vere ektefelle/sambuar.

Korleis søkje?

Søknaden med vedlegg skal sendast Statsforvaltaren igjennom Sikker melding. Det er Statsforvaltaren som skal handsamna søknaden og fatte vedtak.

Det er løypande søknadsfrist. Dersom du ønskjer å få ei førehandstilsegn, kan du sende søknad 6 månader før du oppfyller krava.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.