Nye retningsliner for praktisering av dispensasjon frå søknadsfristen ved søknad om produksjonstilskot i perioden 2017-2019

Landbruks- og matdepartementet har bestemt at søknadsfristane skal praktiserast meir fleksibelt i perioden frå nytt elektronisk søknadssystem blei teke i bruk i 2017 og fram til ny varslingsteneste kom på plass i 2020.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.03.2020

Endring i dispensasjonspraksis betyr at søkjarar som har vore inne i det elektroniske søknadsskjemaet, men som likevel ikkje sendte inn denne søknaden, no kan få moglegheit til å levere søknaden. Denne endringa gjeld også saker som er avslutta, til dømes saker der Fylkesmannen tidlegare har avslått søknad om dispensasjon.

Dette gjeld ikkje søkjarar som var for seine med å etterregistrere opplysningar 10. januar 2020. På det tidspunktet hadde Landbruksdirektoratet teke i bruk den nye meldingstenesta der søkjarane blir minna om søknadsfristen.

Ta kontakt med kommunen

Dersom du meiner at denne endringa i praktisering av søknadsfristen gjeld ditt føretak, ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen. Denne endringa gjeld både dei som tidlegare har fått avslått ein søknad om dispensasjon, og dei som av ulike grunnar ikkje har søkt om dispensasjon tidlegare. Vi gjer merksam på at alle dispensasjonar som har vore til behandling hos Fylkesmannen vil bli teke opp igjen utan at søkjar treng å gjere noko.

Det må kunne dokumenterast at du har vore inne i søknadsskjemaet

Kvar gong ein søkjar er inne i søknaden og legg inn opplysningar, så blir dette loggført elektronisk. Landbruksforvaltninga kan difor sjå i loggen til kvart føretak som har søkt om når søkjar har vore inne i søknaden.

Vi gjer merksam på at denne endringa gjeld ikkje for dei som av ulike årsaker gløymte å søkje innan fristen. Den gjeld for dei som har vore inne søknaden, men som til dømes har gløymt å trykke på knappen for å sende inn søknaden.

Du kan og finne meir informasjon i rundskriv 2020-13.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.